Anne Egebjerg
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det kanskje du som er vår nye sjukepleiar!
Om stillingen
Suldal sjukeheim har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå og med 01.12.2025.
12. mai 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast!
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
- Me har årsturnus
Om stillinga
- Stillingsstorleik: 100 %
- Stillingstype: Fast
- Stillinga er ledige frå 01.12.2025
- Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3.helg
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig.
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Suldal kommune har gode lokale tillegg for sjukepleiar
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar startar med løn som om dei har 8 års ansiennitet
- Du får eit tillegg på kr. 25.000 om du er sjukepleiar
- Du får eit tilleg på kr. 30.000 om du har ei vidareutdanning og er spesialsjukepleiar
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal, https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/provebu-suldal/
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" of gølg vidare instruksjonar
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
- Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Anne Egebjerg
BedriftAnne Egebjerg

