Gro Anett Espevoll

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Område

Vindafjord

Publisert

13.8.2026

Søk senest

28.8.2026

Om stillingen

Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule. Søk jobb hjå oss!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn.
  • Mogleg kontaktllæransvar.
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Konkurransedyktig kontaktlærartillegg.

Kvalifikasjonar:

  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
  • Godkjent undervisningskompetanse (kandidatar med annan kompetanse/erfaring kan søke, tilsetting blir då mellombels).
  • fagønsker: matematikk, naturfag og kroppsøving.
  • Er ein fordel om du har erfaring eller kompetanse på individuell tilrettelagt opplæring.
  • Gode datakunnskaper.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne.
  • Vera ein autoritativ vaksen.
  • Løysningsorientert og systematisk.
  • Omsorgsfull, trygg og føreseieleg.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Gro Anett Espevoll

Bedrift

Gro Anett Espevoll

Søk etter flere lignende stillinger

VindafjordUtdanning

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS