Sindre Søvik Erstad
Einingsleiar - Valldal-Eidsdal omsorgstenester
Om stillingen
Vil du vere med å utvikle framtida si omsorgsteneste i Fjord kommune?
Då vår einingsleiar har gått med pensjon, søkjer ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar til eininga Valldal-Eidsdal omsorgstenester.
Om Fjord kommune
Fjord kommune er kjend for sterk dugnadsånd, trygge lokalsamfunn og eit unikt naturmiljø der fjord og fjell møtest. Kommunen satsar aktivt på kvalitet i tenestene og eit inkluderande arbeidsmiljø, der både medarbeidarar og leiarar får høve til å utvikle seg.
Om tenesta
Valldal-Eidsdal omsorgstenester omfattar i dag:
- Institusjonsteneste - Valldal sjukeheim
- Valldal heimeteneste - heimesjukepleie og bemanna omsorgsbustader
- Eidsdal heimeteneste - - heimesjukepleie og bemanna omsorgsbustader
- Sentralkjøkken for Fjord kommune
Verksemda har i dag ei eiga leiargruppe beståande av fire dyktige teamleiarar.
I tillegg vil Fjord habilitering frå 2027 bli ein del av eininga. Medarbeidarane i tenesta er stolte av arbeidet sitt og leverer viktige tenester til innbyggjarane våre i alle fasar av livet. Som einingsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle ei teneste i god utvikling, i tett samarbeid med dyktige teamleiarar og fagpersonar.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar har du heilskapleg ansvar for:
- Fag, tenestekvalitet og vidare utvikling av tenestetilbodet
- Personal og arbeidsmiljø
- Økonomi- og ressursstyring
- God samhandling med teamleiarar, og støtte til desse i arbeid med
- turnusplanlegging
- rekruttering og tilsettingsprosessar
- oppfølging av arbeidsmiljø og medarbeidarar
- Bidra til innovasjon og digital utvikling i tenesta
- Vere ein aktiv del av leiargruppa i sektoren og i kommunen som heilskap
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleier og gjerne relevant leiarerfaring
- Erfaring frå fagfeltet og gjerne kommunal sektor
- God IKT-kompetanse
- God skriftleg og munnleg framtillingsevne
Ønskeleg med:
- Erfaring innan økonomiarbeid
- Eidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiar/økonomiutdanning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som:
- Er tydeleg, trygg og inkluderande
- Evnar å skape tillit og gode relasjonar
- Har god gjennomføringsevne og struktur
- Tenker løysingsorientert og strategisk
- Har eit genuint engasjement for omsorgstenester og kvalitet for innbyggjarane
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklingsorientert leiarstilling
- Moglegheit til å påverke og forme framtidas omsorgstilbod i Fjord kommune
- Dyktige medarbeidarar og godt samarbeid med erfarne teamleiarar
- Varierte arbeidsoppgåver og høve til leiarutvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Kontaktinformasjon
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960Arbeidsstad
Olavsgata 346210 Sylte
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5100462309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Sindre Søvik Erstad
Bedrift
Sindre Søvik Erstad