Ottar Håkonsholm

Driftsteknikar

Område

Ulstein

Publisert

29.9.2025

Søk senest

19.10.2025

Om stillingen

Vil du vere med å utvikle framtidas drift av kommunale bygg?
Ulstein kommune søkjer ein driftsteknikar til drift- og vedlikehaldsavdelinga. Stillinga inngår i eit team som har ansvar for effektiv, trygg og framtidsretta drift av kommunale bygg og eigedomar.

Om stillinga
Avdelinga driftar nær 100 000 m² eigedom, fordelt på om lag 160 bygg og 300 utleigeavtalar. Vi ser etter deg som har brei praktisk erfaring frå drift og vedlikehald – gjerne innan elektro, mekanisk industri eller tømrarfag. I tillegg er digital kompetanse viktig, sidan dokumentasjon og forvaltning av bygg i stadig større grad skjer gjennom digitale system.
Som driftsteknikar vil du få varierte arbeidsoppgåver, og vere ein viktig del av laget som sikrar at kommunen sine bygg fungerer godt for brukarar, tilsette og innbyggarar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og vedlikehald av kommunale bygg
  • Oppfølging av tekniske installasjonar og serviceavtalar
  • Bruk og oppdatering av digitale FDV-system
  • Bidra til utvikling av rutinar og systematikk i avdelinga
  • Samarbeid med kollegaer, brukarar og eksterne leverandørar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, til dømes fagbrev eller teknisk fagskule
  • Erfaring frå drift/vedlikehald, elektro, mekanisk industri eller tømrarfag      
  • Digital kompetanse og interesse for å bruke digitale system i arbeidskvardagen
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B, gjerne også klasse BE

Personlege eigenskapar

  • Praktisk, allsidig og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit lag
  • Sjølvstendig, ser oppgåvene og set i verk tiltak
  • Nøyaktig og strukturert
  • Serviceinnstilt og likar utfordringar

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og høve til utvikling
  • Moglegheit til å bidra i oppbygginga av framtidsretta drift av kommunale bygg
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Konkurransedyktige vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
  • God offentleg pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Ottar Håkonsholm, Eigedomssjef, +47 995 37 805, [email protected]

Arbeidsstad

Sjøgata 32
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 5018456240
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025

Tilbake til toppen

Ottar Håkonsholm

Bedrift

Ottar Håkonsholm

Søk etter flere lignende stillinger

UlsteinBygg og anlegg

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS