Om stillingen
Alsaker Fjordbruk søkjer Driftsoperatør i Sunnhordlandsområdet
Alsaker konsernet sitt selskap Nordsjø Fjordbruk har i dag matfiskproduksjon på 11 lokalitetar i Sunnhordlandsområdet.
Me er primært på utkikk etter driftsoperatør til Skånevik og Halsnøyområdet – lokalitetane Ebne og Seglberget, med utfart frå Aksland i Skånevik og Sjøvangen på Halsnøy, men andre lokalitetar i området er også aktuelle.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
Di interesse for akvakultur gjer at du ynskjer deg jobb i havbruksnæringa. Du trivst ute i all slags vêr og vind og er løysningsorientert med gode samarbeidsevner.
Ein driftsoperatør sine daglege arbeidsoppgåver er mellom anna:
- Fôring, kontroll og stell av laks og rensefisk
- Drift og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
- Produksjons- og kvalitetsoppfylging
- Operere båt, kran og anna mekanisk utstyr
- Deltaking i helgevaktsordning
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
- Sjømannskap/teknisk innsikt, fordel om du har D6, sikkerhetskurs, kran G20
- Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
På jobb hos oss vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å sikre optimal drift på våre lokalitetar, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja!
NORDSJØ FJORDBRUK ASOM ALSAKER FJORDBRUK
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden.
Øystein Brekke
Driftsdirektør
[email protected]
99210180
Tore Jacobsen
Driftssjef
[email protected]
40520160
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
