SIMAS IKS

Driftskoordinator - avdeling for transport og innsamling

OmrådeKaupanger
Publisert20.6.2024
Søk senest4.8.2024

Om stillingen

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein driftskoordinator som skal arbeide tett med avdelingsleiar i dagleg drift ved avdeling for innsamling og transport. Som driftskoordinator vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg oppfølging av drift 
  • Administrere og koordinere  oppgåver knytt til m.a. logistikk, transport og innsamling av avfall
  • Bindeledd mellom avd. for transport og innsamling, administrasjonen i SIMAS og dotterselskapet SIRKLA 
  • Delta i utvikling, optimalisering og digitalisering av transport og innsamling av avfall
  • Utarbeide enklare driftsrelaterte kalkylar og rapportar
  • Delta i oppfølging av HMS-arbeidet i avdelinga t.d. avviksmeldingar, vernerundar og risikovurderingar

Ønskja kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning innan transport, logistikk og/eller administrasjon 
  • Gode IT kunnskapar, gjerne kjennskap til KomTek, Online scale, Hogia unicon
  • Erfaring frå transport- og/eller avfallsbransjen
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Gjerne sertifikat klasse C, men ikkje krav

I tillegg ønskjer vi at du

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode administrative eigenskapar
  • Erfaring med å jobbe på tvers i organisasjonar 
  • Er fleksibel og løysingsorientert 
  • Evner å jobbe sjølvstendig

Personlege eigenskapar og erfaring kan vege opp for manglande utdanning.


Vi tilbyr

SIMAS oppmoder kvinner til å søkje stillinga.

  • Ei sentral rolle i utvikling av avdeling for transport og innsamling
  • Arbeid innan eit spannande fagområde
  • Konkurransedyktig løn
  • Pensjonsavtale i KLP
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidstad i naturskjønne omgjevnader i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter

SIMAS IKS

BedriftSIMAS IKS
Om bedriften

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn med stort fokus på klima og miljø og selskapet spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. 

Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter på ein kostnadseffektiv måte.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger