Driftsansvarleg reinhald

OmrådeAlver
Publisert4.5.2025
Søk senest24.5.2025

Om stillingen

Om stillinga

Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje.  Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.

Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.

Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.

Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!


Om reinhaldsavdelinga

Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 80 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen. 

Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til HMS arbeid ved avdelinga
  • Knytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver 
  • Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagen
  • Bidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar 
  • Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring 
  • Delta i utviklingsarbeid for avdelinga
  • Melde behov for kompetanseheving 
  • Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventar
  • Melde behov for forbruksmateriell
  • Bidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga

Kvalifikasjonskrav 

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
  • Grunnleggende IT-kompetanse
  • Førerkort B
  • Gode norskkunnskapar,  munnleg og skriftleg

Kven er du?

  • Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
  • Har gode kommunikasjonsevner 
  • Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg 
  • Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingar
  • Du er sjølvstendig, men liker også å arbeida i team
  • Du er lærevillig og positiv til nye utfordringar
  • Du har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø

Vurderinga av kva kandidatar som er best kvalifiserte vil vera ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, i tillegg til motivasjon og andre kvalifikasjonskrav slik dei er formulerte i annonseteksten.


Me tilbyr

  • Oppfølging og rettleiing
  • Erfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19  vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 8/31
Anbefalt