Terje Jan Nes

Drifts- og serviceteknikar

OmrådeLærdal
Publisert4.12.2025
Søk senest31.12.2025

Om stillingen

Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar? Teknisk drift Lærdal sjukehus/ISP søkjer drifts- og serviceteknikar. 

Avdelinga i Lærdal skal tilsetje ny ressurs på drift og vedlikehald av bygningsmassen som også inkluderar uteareal. Vi søkjer difor drifts- og serviceteknikar med allsidig  kompetanse på denne type drift. Tilsetjing snarast etter nærmare avtale.

Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt ca 8.700 m2.

Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, anten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
Seksjonen består av 5 tilsette innan fleire fagrupper. Dette er ei spanande og utfordrande stilling som skal være med å styrke helseføretaket sin teknisk kompetanse. 

Vi ønskjer eit mangfoldig arbeidsmiljø og oppfordrar både menn og kvinner til å søkje.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift og vedlikehald av bygg og anlegg og inngå i eit tverrfagleg samarbeid hjå teknisk drift ved Lærdal sjukehus
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med forebyggande vedlikehald
  • Inngår i vaktordning 
  • Samarbeid med andre fagressursar i seksjonen på teknisk drift
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid innan drift og vedlikehald
  • Ta del i dei til ei kvar tid gjeldande oppgåver som ligg til avdelinga                                                                         

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med fagbrev innan snekkar- og tømrarfaget, fagbrev innan andre fagområder kan også vere aktuelt 
  • Lang relevant erfaring innanfor eit eller fleire nemde fagfelt, kan kompensere for manglande formell kompetanse
  • Erfaring innan drift av tekniske anlegg vil verte vektlagt
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsevne
  • Du har motivasjon og interesse for arbeidet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer godt og er løysningsorientert

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Dag Arne Helland, Seksjonsleiar Teknisk drift LSH/ISP, (+47) 902 06 615
Terje Jan Nes, Avdelingssjef teknisk driftsavdeling, (+47) 578 39 747

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5047947597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025

Terje Jan Nes

BedriftTerje Jan Nes

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Ledende miljøterapeut

Oslo kommune, Barne- og familieetaten

Oslo24.1. - 2.6.
Ny