Jobbsafari

Disiplinleiar - Produksjon Interiør

1 måneder siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest30.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med høg aktivitet.

Stillinga omfattar avansert og sjølvstendig arbeid og har ansvar for fagfeltet Interior/Accommodation, og koordinering av personell innan aktuelt prosjekt og fagfelt. Om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje. 

Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?

Det å arbeide på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som skal løysast, og du jobbar i lag med mange dyktige kollegaer.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Koordinering av aktivitetar innan ditt fagområde 
  • Følge opp produksjon i forbindelse med prosjektet si tidsramme
  • Følge opp prosjekt
  • Støtte og delta i ettermarknadsarbeid
  • Oppfølging av bortsett arbeid

Kunnskap og erfaring som kan gjere jobben lettare

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning innan yrkesfag, fagskule eller høgskule, og som har god teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri - vil det vere ein fordel. Du må også kommunisere både på norsk og engelsk, og det er svært nyttig å ha god systemforståing og IT-kompetanse.

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Strukturert og ryddig med auge for kvalitet
    • Innovativ og engasjert
    • Løysingsorientert
    • Evne til å samarbeide

    Vi tilbyr

    • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
    • Konkurransedyktig løn
    • Fleksitidsavtale
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Kantineordning

    Kontaktinformasjon

    Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, [email protected]


    Arbeidsstad

    Osnesvegen 110


    6065 Ulsteinvik


    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



    Referansenr.: 4814322738


    Stillingsprosent: 100%


    Fast


    Søknadsfrist: 30.06.2024



    Ulstein Verft AS

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger