Dagfinn Grønvik

Digitaliseringssjef

OmrådeMolde
Publisert12.12.2025
Søk senest7.1.2026

Om stillingen

Digitaliseringssjef


Vil du vere med å forme den digitale utviklinga til fylkeskommunen?


Vi er inne i ei spennande tid, med auka satsing på digitalisering og bruk av kunstig intelligens. Vi søker ein strategisk og initiativrik digitaliseringssjef som kan leie arbeidet med utvikling av digitale løysingar og tenester til nytte for innbyggarar og tilsette.
Vi treng løysingar som frigjer tid, forenklar kvardagen og styrker samhandlinga. Du får ei sentral rolle med å skape samanheng mellom organisasjonen sine behov og dei digitale løysingane som skal møte desse.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og leie ein ny digitaliseringsseksjon
  • Utarbeide strategiar og planar for digitalisering og KI
  • Utvikle digital kompetanse og innovasjonskultur i organisasjonen
  • Bidra til god samhandling med IT-seksjonen, og med dei ulike fag- og stabsområda i organisasjonen
  • Leie behovs- og porteføljestyringa av digitaliseringsarbeidet i eit strukturert samarbeid med IT-sjefen og digitaliseringsteam
  • Fasilitere utviklingsprosessar for å fornye, forenkle og forbetre arbeidsprosessar og tenester
  • Vidareutvikle prosjektverktøy og gje støtte til gevinstarbeid i organisasjonen
  • Ivareta krav til informasjonssikkerheit og personvern i digitaliseringsarbeidet
  • Representere fylkeskommunen i relevante digitaliseringsnettverk og samarbeid både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiarerfaring, gjerne frå komplekse organisasjonar
  • Erfaring med å fasilitere og leie digitaliseringsprosessar
  • Kunnskap om IT-arkitektur og gevinstarbeid
  • Evne til å vurdere nye løysingar og trendar opp mot verksemda sine behov
  • Er strukturert og har gjennomføringsevne
  • Er ein relasjonsbyggar med gode samarbeidsferdigheiter
  • God norsk skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Kjennskap til offentleg sektor er ønskeleg

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas digitale fylkeskommune
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsplassen
Stab for organisasjon og tenesteutvikling blir leia av organisasjonssjefen og inneheld HR-seksjonen, kommunikasjonsseksjonen, digitaliseringsseksjonen og IT-seksjonen (med team for infrastruktur og brukarstøtte). Seksjonsleiarane inngår i avdelinga si leiargruppe. Vi har kontorarbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Denne stillinga ønsker vi primært lokalisert i Molde, men vil kunne vurdere delt arbeidsstad mellom Molde og Kristiansund eller Ålesund.

Kontaktinformasjon

Dagfinn Grønvik, IT-sjef, 95925924, [email protected]
Dag Lervik, Organisasjonssjef, 95173038

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5046483860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026

Dagfinn Grønvik

BedriftDagfinn Grønvik

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt