Diakon/seksjonsleiar diakoni
Om stillingen
Ønsker du å vise Guds kjærleik i praktisk handling overfor medmenneske og skaparverket? Er du villig til å stille spørsmålet "Kva vil du at eg skal gjere for deg?" - og handle ut frå det?
Dersom svaret på desse spørsmåla er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som seksjonsleiar for diakoni/diakon. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det diakonale arbeidet i heile fellesrådsområdet. Som seksjonsleiar for diakoni vil du få ein unik mogelegheit til å byggje vidare på det diakonale arbeidet vårt.
Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle det diakonale arbeidet i kyrkje og lokalsamfunn
- Vere kyrkja sitt strategiske auge ut mot lokalsamfunnet sitt behov
- Vere pådrivar for at nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd vert innarbeidd i alle delar av kyrkja sitt arbeid
- Vere ein aktiv pådrivar for samhandling og vidareutvikling av eksisterande samarbeid med kommunen og andre aktørar
- Fagleg- og personalleiing overfor tilsette i seksjon for diakoni
- Vere styremedlem av og rettleiar for Basecamp ungdomsdiakonitiltak når det gjeld diakonal tenking og praksis
- Leie eitt av sokneteama i fellesrådsområdet i samarbeid med soknepresten
- Vere eit konstruktivt medlem av leiargruppa
- Andre arbeidsoppgåver som diakon, t.d. samtalar, sorggrupper, osv.
Kvalifikasjonar
- Utdanning i høve til tenesteordning for diakonar
- Andre med relevant høgare utdanning kan ōg søkje, til dømes utdanning på bachelornivå innan helse- og sosialfag eller pedagogikk. Den som vert tilsett må vere villig til å ta master i diakoni som fører fram til godkjent grad som diakon, jfr. tenesteordning for diakonar. Oppstart på master må vere innan eitt år frå tiltredingstidspunkt
- Erfaring frå diakonalt arbeid vil verte vektlagt
- Ønskeleg med formell leiarutdanning, men arbeidserfaring som leiar kan kompensere
- Erfaring med å leie strategisk arbeid er ein fordel
- Kjennskap til kyrkja sine fellessystem er ønskjeleg
- Noko økonomi- og budsjetterfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du er flink til å tenkje fagleg strategisk
- Du ser mogelegheiter framfor avgrensingar
- Du er ein utprega lagspelar, og er flink til å spele andre gode
- Du er dyktig til å motivere og inspirere dine medarbeidarar og drive målretta arbeid gjennom seksjonen
- Du er målbevisst
- Du er inkluderande, raus og glad i menneske
Vi tilbyr
- Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd og medarbeidarar
- Eit godt arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
- Høve til personleg og fagleg utvikling
- Stor grad av autonomi og fleksibilitet
- Løn i samsvar med KA sin tariffavtale
- Inntil 20% av arbeidstida i fire år kan brukast til å ta master i diakoni
Anna:
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja
- Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jfr. trossamfunnslova §20
- Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling, og at biskopen gir tenestebrev
- Stillinga er ledig frå 01.04.2025. Det er ønskjeleg med eit overlapp mellom noverande og ny seksjonsleiar
- Intervju gjennomførast fortlaupande
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Kontaktinformasjon
Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530Astrid Fylling, seksjonsleiar for diakoni, 97175733
Arbeidssted
Tytebærbrekko 25353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4867770712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2024
Øygarden Kyrkjelege Fellesråd
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Servicemedarbeider
Svalbard Auto søker mekaniker
Svalbard - Svalbard Auto As Avd Salg - Publisert 12.12.2024Pedagogisk leder/barnehagelærer -med øye for barna
Oslo - Holgerslyst barnehage - Publisert 12.12.2024Vi søker norsklærere til barneskoletrinnet, 1.-4. klasse
Tromsø - Stiftelsen Tromsø International School - Publisert 12.12.2024Elsker du kundeservice og fornøyde gjester?
Bergen - Lucky Bowl Norge As Avd Bergen - Publisert 12.12.2024