Dagleg leiar – Voss Buldresenter (40–60 % stilling)
Om stillingen
Klyv AS er i ferd med å etablere Voss Buldresenter, eit inkluderande og moderne buldresenter for både ferske og erfarne klatrarar. For å sikre ei god og trygg drift frå første dag, søkjer vi no ein påliteleg og engasjert dagleg leiar som vil få ei sentral rolle i utviklinga av senteret.
Hva vi ser etter
Me ser etter ein person som er:
Hyggjeleg, ryddig og serviceorientert
Sjølvstendig og påliteleg, med evne til å halde oversikt
Tydeleg og presis i skriftleg kommunikasjon
Strukturert, og komfortabel med ein variert kvardag med både praktiske og administrative oppgåver
Erfaring med klatring eller buldring er eit pluss, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med og byggje opp eit levande buldremiljø på Voss.
Arbeidsoppgaver
Som dagleg leiar vil du vere bindeleddet i den daglege drifta, i tett samarbeid med styret i Klyv AS. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Kundehandsaming -- vere eit blidt og serviceinnstilt ansikt utad
E-postkorrespondanse -- følgje opp hendingar, spørsmål og informasjon
Økonomirapportering -- enkel økonomistyring og oversiktlege rapportar
Oppfølging av reinhald -- sikre god standard i dialog med eksterne reinhaldsfirma
Inneklima -- ha ansvar for at ventilasjon og tekniske system fungerer godt
Medlemskapshandsaming -- administrasjon av medlemmar, betalingar og kommunikasjon
Bemanningsplanar -- setje opp vakter og sørgje for forsvarleg bemanning
Planlegging av ruteskruing -- koordinere med ruteskruarar og lage gode skruplanar
Adgangskontroll -- administrere nøklar, kort og system for inn- og utpassering
Vi tilbyr
Me tilbyr
Moglegheita til å vere med frå starten i utviklinga av Voss sitt nye buldresenter
Ei variert, sjølvstendig og meiningsfull rolle
Høve til å påverke rutinar, miljø og kultur i senteret
Ein arbeidskvardag i eit miljø som kombinerer aktivitet, fellesskap og utvikling
Fri tilgang til senteret
40--60 % stilling, avhengig av erfaring og kapasitet
Om lag 200 kr/time, med rom for drøfting
Arbeidstid vil variere, og noko kvelds- og helgearbeid må påreknast
Arbeidstid kan truleg tilpassast anna deltids-/turnusarbeid
Merk: Tilsetjing skjer med forbehald om at senteret faktisk blir realisert.
Oppstartstidspunkt vil bli avklart så snart etableringsprosessen er endeleg. Førebels tiltenkt oppstart er mars 2026.
Søknader med CV blir vurderte fortløpande, og stillinga blir fylt når me finn rett person. Anbefalar interessentar å søkje snarast.
Me gler oss til å høyre frå deg -- og kanskje til å byggje eit inspirerande buldresenter på Voss saman med akkurat deg!
