Andrea Eide

Case Manager

Område

Kvinnherad

Publisert

13.8.2026

Søk senest

31.8.2026

Om stillingen

FACT Sikkerheit-teamet søkjer ein engasjert Case Manager i eit 100% vikariat. Vi gir behandling og oppfølging etter Forensic FACT-modellen, retta mot pasientar dømt til behandling og/eller på tvang i psykisk helsevern, knytt til Eining for Sikkerheit og Eining for Sikkerheit og Rehabilitering. Fact-sikkerhet er organisert i poliklinikk.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid, tett samarbeid med 16 kommunar og spesialisthelsetenesta, og oppfølgning av pasientar med behov for langvarige og koorinerte tenester. Du vil arbeide i eit recoveryorientert miljø med fokus på arbeid, aktivitet og rettleiing, og får mulighet til å delta i prosjektarbeid som skal forbetre våre metodar og samarbeidsmodellar. 

Stillinga inneber arbeidstid på dagtid med kvar 3. helg i døgnpost. Oppstart etter avtale.

Vart du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE


Kva går jobben ut på?

    Som Case Manager blir du ein sentral del av behandlingsteamet og du vil mellom anna arbeide med å

    • følgje opp pasientar i overgangar mellom sjukehus, DPS og kommune
    • drive poliklinisk behandling og oppfølgning
    • gjennomføre strukturert valdsrisikovurdering
    • gi rettleiing til lokale oppfølgningstenester ved fire DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
    • bidra til samordna og langsiktig oppfølging av pasientar i eigen heimkommune
    • drifte eit sinnemestringskurs etter Brøsetmodellen saman med resten av teamet

    Arbeidet inneber reiseverksemd og tett samarbeid med pasientar og samarbeidspartnarar ute i kommunane.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Helsefag eller relevant høgskuleutdanning som sosionom, miljøterapeut, vernepleiar, ergoterapeut, sjukepleiar. 
    • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan sikkerhetspsykiatri.
    • Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. 
    • Førarkort for personbil klasse B.
    • Gode digitale ferdigheiter.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Hos oss er det viktig at du

    • handterar krevjande situasjoner med ro, tryggleik og fagleg dømmekraft
    • ser heilheten i pasientforløp og bidreg til god samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
    • er nysgjerrig, løysningsorientert og motivert for fagleg utvikling
    • bidreg positivt til arbeidsmiljøet gjennom respekt, openheit og engasjement
    • kommuniserar godt og evner å skape tillit og framdrift i komplekse pasientforløp

    Personlege eigenskaper vert vektlagde.

    Kvifor skal du velje oss?

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
    • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
    • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
    • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.
    • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
    • Arbeidstid dagtid med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke på Eining for Sikkerheit-og rehabilitering.

    For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Andreas Eide, Teamleiar FACT-Sikkerhet, 97561885, [email protected]

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 26
    5451 VALEN

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5164149023
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.10.2026
    Sluttdato: 15.08.2027
    Søknadsfrist: 31.08.2026

    Tilbake til toppen

    Andrea Eide

    Bedrift

    Andrea Eide

    Vis flere jobber for denne bedriften

    Søk etter flere lignende stillinger

    KvinnheradHelse og sosial

    Lignende stillinger

    Cabin Crew

    Emirates

    Dubai16.7. - 30.9.
    Du finner oss også på sosiale medier:

    Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

    • Bla gjennom jobber
    • Jobber i ulike områder
    • Jobber i ulike yrkeskategorier
    • Jobber i ulike yrker
    • Jobber i ulike bedrifter
    © 2026 Jobbland AS