Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Om stillingen
Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i perioden 01.01.26-31.07.26 i Hjelmeland barnehage.
Hjelmeland barnehage har fire avdelingar som er fordelt på to hus.
I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal, Fister og Jøsenfjorden. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Me søkjer deg som brenn for faget, og som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein god og tydeleg rollemodell
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon
Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar utan ynskja fagutdanning kan også søkja
- erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg (minimum nivå A2) og munnleg (minimum nivå B1), jamfør barnehagelova §27
Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- ulike rekrutteringstiltak , som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her .
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside .
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
