Brødrene Aa søker trainee: IT og digitalisering
8 måneder sidenOm stillingen
Kva vi tilbyr:
- Variert arbeid innan IT-drift og utvikling.
- Muligheiter for å delta i, og potensielt leie, små og store forbedringsprosjekt med fokus på digitalisering.
- Ei stilling der innhaldet kan skreddarsys til dine interesser og kompetanse, i samsvar med bedrifta sine behov.
- Eit arbeidsmiljø der du finn både lang og tung erfaring, og ungt pågangsmot, og der dine idear og bidrag verkeleg tel.
- Karrierevekst og personleg utvikling gjennom oppfølging og fagleg støtte.
Kvalifikasjonar:
- Nyutdanna, eventuelt med noko erfaring innan IT, digitalisering eller relaterte felt.
- Sterk interesse for teknologi og innovasjon.
- God prosessforståing
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
Ansvarsområde:
- Bidra i drift og vedlikehald av IT-system.
- Engasjert i utviklingsoppgåver og innovasjonsprosjekt.
- Aktiv deltaking i digitaliseringsprosjekt, med moglegheit for prosjektleiing.
- Samarbeid på tvers av avdelingar for å identifisere og implementere forbedringstiltak.
Om oss:
Brødrene Aa er leiande innan design og produksjon av energi-effektive passasjerfartøy bygd i karbonfiber. Vi er ei føregangsbedrift innan innovasjon og teknologi. Vi legg vekt på eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø der kvar enkelt medarbeidar blir verdsett og får moglegheiter til å vekse.
Søknad:
Er du den vi ser etter? Send oss ein søknad der du fortel om deg sjølv, din utdanning og kvifor du er den rette for denne stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
- Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
- Studietur til utlandet
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.
Framtidsfylket AS
BedriftFramtidsfylket AS
Vis flere jobber for denne bedriftenLignende stillinger
Cabin Crew
Driftssjef
Barnehageassistent 40% vikariat + ringevikar
Skien - Melum Barnehage Sa - Publisert 10.10.2024Butikkmedarbeider 20 % +julehjelp City syd / Trondheim torg
Trondheim - Bjørklund City Syd / Trondheim torg - Publisert 10.10.2024Prosjektleder (fagleder) - offentlige anskaffelser
Oslo - Direktoratet For Forvaltning Og Økonomistyring - Publisert 10.10.2024Renholder