Jobbsafari
Kvinnherad kommune Brann og redning

Brannmenn ulike stader i Kvinnherad

1 måneder siden
OmrådeHusnes
Søk senest15.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Omtale av stillinga

Kvinnherad brann og redning har for tida ledige deltidsstillingar som brannkonstablar ved brannstasjonane på Ølve(2,06%), Husnes(2,06%), Halsnøy(1,03%) og Fjelberg(1,03%). 

Skriv i søknaden kva brannstasjon du søkjer stilling til.

Arbeidsoppgåver

Hovudvekt av arbeidsoppgåvene er øvingar i henhald øvingsplan og som innsatsstyrke ved brann og ulukker.

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar: Førarkort klasse C (må ha førarkort klasse B), kompetansebevis for utrykkingskjøring kode 160, utdanning som brannkonstabel deltid eller relevante kurs og erfaring. Søkjarar må bestå fysisk test for røykdykkare og blir godkjent som røykdykkar av bedriftshelsetenesta. Fysisk test vil bli gjennomført under intervju. I tillegg må søkjarar bu i nærleiken av brannstasjonen, slik at dei oppfyller krava til oppmøtetid etter brann- og redningsvesenforskrifta. Søkjarar må beherska norsk både muntleg og skriftleg. Søkjarar vert vurderte fortløpande. 

Søkjar må vera villig til å gjennomføre lovpålagd utdanning/kurs, samt anna relevante kurs for stillinga.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Årleg godtgjersle for bæring av radioterminal og løn for øvingar og utrykkingar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Kvinnherad kommune Brann og redning

BedriftKvinnherad kommune Brann og redning
Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger