Jobbsafari
Kvam brann- og redningsvesen, Kvam herad

Brannkonstablar

28 dager siden
OmrådeNorheimsund
Søk senest11.8.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Me søkjer brannkonstablar til Kvam brann- og redningsvesen.

  • Ledige stillingar frå hausten 2024
  • Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik. 

Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen


Arbeidsoppgåver

  • Delta i innsatsstyrke ved brann- og redningsoppdrag. For stillinga i Norheimsund er det med heilkontinuerlig turnus kvar 4. veke
  • Oppretthalda og auka eigen og etaten sin faglege kompetanse gjennom kurs og øvingar
  • Halda seg oppdatert på lokalkunnskap og framkomelegheit
  • Gjennomføra beredskapsrelatert førebyggjande arbeid
  • Vedlikehalda beredskapsmateriell
  • Trena og halda seg fysisk skikka til å kunna røykdykka og andre arbeidsoppgåver lagt til tenesta
  • Vera ein god ambassadør for Kvam brann- og redningsvesen
  • Mannskap i alle brann- og redningsvesen skal vera motivert for å hjelpa folk, vera innstilt på, og må samarbeida med kollegaer i brann- og redningsvesen, ambulansepersonell, politiet og andre under øving og innsats.

Kvalifikasjonar

  • Bestått videregåande utdanning på fagarbeidarnivå, eller 3 års yrkeserfaring frå relevant yrke (praktiske fag)
  • Du må bu i samme bygda som brannstasjonen ligg i og det er ei føremon om du har ditt daglege arbeid der
  • Det er krav om innsatstid
  • Dokumentert løyve frå arbeidsgjevar for å delta i brann- og redningsvesenet må leggjast fram
  • Du må ta del i den opplæringa det vert stilt krav om i stillinga
  • God fysisk og psykisk helse. Det vert stilt fysiske krav for tenesta som må stettast
  • Du må ha tilfredsstillande helseattest, også for røykdykking
  • Du må vera symjedyktig
  • Førerkort klasse B uavbrutt i minimum 2 år
  • Søkjar med utvida førarkort i kl. C vert føretrekt. Alternativt må ein vera villig til å tileigna seg dette
  • Plettfri vandel. Den som får tilbud om stilling, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest
  • Beherska norsk skriftlig og munnleg

Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og du må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå ditt faste arbeid for å gjennomføre deler av denne

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, er tilpasningsdyktig og bidreg til god lagånd
  • Du vernar om etikk og verdiar
  • Du er lærevillig og interessert i kontinuerleg fagleg utvikling
  • Du er praktisk og løysningsorientert
  • Du er oppteken av HMS og føl instruksjonar og prosedyrar
  • Du vert kjenneteikna av eit roleg vesen og rasjonelt tankesett i stressa situasjonar
  • Du har ikkje klaustroforbi eller er redd for høgder
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Raus og inkluderande
  • Du er empatisk, fordomsfri og har gode haldningar og møter andre på ein respektfull og open måte

Personleg eigenskapar er viktig i stillinga og vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Godt arbeidsmiljø

Generell informasjon:
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Torleif Ones, Leiar Kvam brann og redning, +47 901 46 975


Arbeidsstad

Steinsdalsvegen 110


5600 Norheimsund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4829830718


Stillingsprosent: 2,64%


Fast


Søknadsfrist: 11.08.2024



Kvam brann- og redningsvesen, Kvam herad

BedriftKvam brann- og redningsvesen, Kvam herad
Om bedriften

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.Les meir

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger