Kristine Hildegard U. Rath

Bli med i eit engasjert fagmiljø! Vi har ledige vikariat og faste stillingar

OmrådeAlver
Publisert22.1.2026
Søk senest1.2.2026

Om stillingen

Velkommen til Kvasten avlastningsbustad!

I Kvasten avlastningsbustad tilbyr vi avlastning for barn og unge både på time- og døgnopphald. Dei som kjem til oss for timeavlastning, er ofte barn under 10 år med ulike hjelpebehov. Dei som har døgnopphald har gjerne multifuksjonshemming og/eller utviklingshemming og treng mykje støtte i kvardagslege gjeremål.

Avlastningsbustaden er ein forlenging av heimen, og vi legg vekt på tryggleik, omsorg og gode opplevingar. Vi deltek på aktivitetar ute, gjer klart til skule, og sørgjer for struktur og trivsel i kvardagen. Hos oss får tenestemottakarane støtte til personleg stell, måltid, fritidsaktivitetar og sosialt samvær - alt tilpassa den enkelte sine behov. 

I turnus jobbar vi i dei fleste stillingane i kortvakter, men noen har kombinasjon kortvakter med nokon langvakter. Med kortvakter på helg jobbar ein kvar tredje helg, mens med langvaktar kvar fjerde. Det er hovudvekt kveldsarbeid då våre tenestemottakare går på skulen eller annet på dagtid.

Vi søkjer no etter nye medarbeidarar i følgjande stillingar (tydeliggjer kva for stilling ein søkjar på i søknaden):

  • 2 faste 100% stillingar - Vernepleiar/sjukepleiar kor i begge stillingar er mogleg med langvakter på helg.
  • 1 fast 100% stilling - Miljøterapeut med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, pedagogisk utdanning kan vurderast med utdanning innafor spesialpedagogikk og med erfaring med tenestemottakare med same behov
  • 1 fast ca. 60% stilling - Helsefagarbeidar
  • 1 fast ca. 30% helgestilling - Miljøterapeut med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, pedagogisk utdanning kan vurderast med utdanning innafor spesialpedagogikk og med erfaring med tenestemottakare med same behov. Langvaktar lørdag og søndag.
  • 1 fast ca. 30% helgestilling - Assistent/fagarbeidar, vi oppmodar gjerne studentar til å søkje
  • 2 vikariat på 1 år. ca. 50% nattevaktstillingar - Helsefagarbeidar
  • 1 vikariat ca. 54% i 1 år - Barne- og ungdomsarbeidar

Om oss 

Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsrogsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.

Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. 

Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.


Arbeidsoppgåver

  • Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
  • Å uttføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgslova.
  • Kan ha ansvar for medisinar, både legge i dosett, veilede kollegaer og gje medisinar
  • Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
  • Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak 
  • Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
  • Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet

    Du vert ein i fagmiljø som jobbar for å gje born og familiar eit pusterom i kvardagen - og eit tilrettelagt og meiningsfullt opphald!


Kompetanse

  • Godkjent utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Godkjent fagarbeider i dei stillingane det krevs
  • Helse- og sosialfagleg utdanning, pedagogar kan verte vurdert med utdanning innafor spes.ped og erfaring innafor habilitering
  • Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
  • Førarkort i klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem

    Vidare søkjer me deg som har:

  • Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
  • Erfaring: Praktisk erfaring med habilitering og miljøarbeid for barn og unge med samansette behov.
  • Kommunikasjon: Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), teknspråk, og evne til å tilpasse kommunikasjon til den enkelte brukar. 
  • Omsorg og etikk: Evne til å skape tryggleik, vise respekt og arbeide personsentrert.
  • Teamarbeid: Erfaring med tverrfagleg samarbeid og god evne til å samarbeide med føresette og fagpersonar.
  • Praktiske ferdigheiter: Grunnleggande opplæring i bruk av hjelpemiddel, forflyttingsteknikk og medisinsk oppfølging (t.d. ernæring, medisinering etter delegasjon).
  • Menn oppfordrass til å søkje
  • Fleksibilitet: Evne til å handtere uforutsette situasjonar og tilpasse seg individuelle behov.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert

Kven er du?

  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
  • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar 
  • Har interesse eller kompetanse innan aktivitetar som ASK, friluftsliv og gruppeaktivitetar
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.

Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
  • 50 000 i rekrutteringstilskot til vernepleiar/sjukepleiar for eksterne søkjarar mot binding i to år

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Kristine Hildegard U. Rath

BedriftKristine Hildegard U. Rath

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

Instrument - Senior Engineer

Ikm Gruppen AS

Oslo8.2. - 1.3.
Ny