Bli med å utvikle Helse Vest IKT si private sky i Kubernetes-teamet!
25 dager sidenOm stillingen
Helse Vest IKT sit med eit av dei mest komplekse IT-puslespela i Noreg. Behov, utvikling og bruk av konteinar-teknologi aukar i rekordfart, og difor ønsker vi oss no entusiastiske kollegaer som vil utvikle kompetansen sin i Kubernetes-teamet vårt.
Teamet ligg i tenesteområdet Privat sky, og stillinga høyrer til seksjonen Server og lagring. Tenesteområdet har ansvar for alt av on-prem-løysingar og består av fleire ulike plattform-team, som jobbar med alt frå innhald i datahallar til konteinarar. Det software-definerte datasenteret vårt er for tida basert på VMware-teknologi (vCloud Foundation). Ved sida av dette har vi òg fleire fullskala Kubernetes-cluster som er bygd saman med VMware-porteføljen i datasentera våre.
Team Kubernetes er eit team på fire personar som forvaltar og utviklar alt av Kubernetes-plattforma i infrastrukturen vår.
Vi har i dag over 2500 ulike konteinarar, og vi ser for oss ein valdsam vekst i denne teknologien i åra som kjem. I plattforma vår har vi mange tenester i produksjon, der ein del av dei er eigenutvikla. Vi trur at Kubernetes kjem til å endre måten vi tenker på, både no og i framtida. Ivrar du etter å lære meir om konteinarar, Kubernetes og backend-utvikling? Då er denne stillinga skreddarsydd til nettopp deg!
Hos oss vil du kunne utvikle deg personleg og fagleg, og jobbe med spennande oppgåver i ein av dei største og mest komplekse IT-infrastrukturane i Noreg. Produkta vi brukar er frå øvste hylle.
Arbeidsstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle automasjon og sjølvbetening
- Sentralisert drift og vidareutvikling
- Kontinuerleg oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheit
- Kunnskapsdeling (GitOps)
- Endringshandtering (ITIL) og preventivt vedlikehald
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i IKT eller IT, eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Flytande norsk, munnleg og skriftleg, er eit krav for denne stillinga
I denne stillinga er det ein fordel om du har erfaring med:
- Utvikling av backend/frontend-løysingar
- Utvikling og bruk av REST-API
- SQL-database (fortrinnsvis PostgreSQL eller MySQL)
- Programmering i Go, som er det vi hovudsakleg brukar
- Frontend-utvikling (HTML, CSS, JavaScript, osv.)
- Scripting i Bash, Python eller Powershell
- Administrasjon av RHEL- eller Ubuntu-serverar
- Bruk av Kubernetes for å publisere tenester
- Skrive Dockerfiles for å lage nye docker-images
- GitOps – Infrastruktur som kode
- Verktøy som Ansible, Prometheus og Metrics
Viss fleire av punkta ovanfor høyrest ut som noko som kunne passe for deg, håpar vi at du sender oss ein søknad og tek kontakt med oss snarast!
Personlege eigenskapar
Som person ønskjer vi at du er ein som:
- Ikkje er redd for å utveksle idéane dine
- Deler kompetansen din med dei du jobbar med
- Arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
- Tek i eit tak der du ser behovet
- Er fortruleg med GitOps-modellen og ser fordelane med å bruke Git og jobbe kodedefinert
- Dokumenterer koden din godt og ser nytteverdien i at koden i seg sjølv er dokumenterande
- Fangar opp behov utover eige team og kan ta på deg oppdrag frå andre i produktområdet
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle".
- Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Gode kurs- og konferansemoglegheiter.
- Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
- Nye, gode kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine.
- Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut.
- Løn etter avtale.
- Overtidskompensasjon.
- Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
- Moglegheit for telefon og breibandstøtte.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Anders Fredrikson, Seksjonsleiar, 93 24 96 85
Ivan Dyb Holmedal, Ass. Seksjonsleiar, +47 90 60 22 28
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4846359523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Lignende stillinger
Cabin Crew
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 11.9.2024Varmepumpemontør Mosjøen
Mosjøen - Ptg Helgeland AS - Publisert 4.10.2024Helsefagarbeider, natt
Instruktørtannlege (20 % fast)
Bergen - Universitetet i Bergen - Publisert 4.10.2024Overlege BUP Vest, enhet ungdom
Oslo - Diakonhjemmet Sykehus AS - Publisert 4.10.2024