Jobbsafari
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

Bli med å utvikle datasenter-nettverket til Helse Vest IKT!

25 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest30.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Helse Vest IKT sit med eit av dei mest komplekse IT-puslespela i Noreg, og har ansvar for å sikre helsedata for spesialitshelsetenesta i Helse Vest.
Eit robust nettverk er ein føremon for all produksjon av tenester i den private skya vår, og vi treng no endå ein entusiastisk og dyktig kollega i vårt datasenterteam.
Teamet set kunnskapsdeling høgt, og ønsker at alle skal bidra med kunnskap og drift av løysingar. Vi ser etter deg som har god kunnskap om nettverk. Teamet ligg i tenesteområdet Privat sky. Tenesteområdet har ansvar for alt av on-prem-løysingar og består av fleire ulike plattform-team, som jobbar med alt frå innhald i datahallar til Kubernetes. 

Arbeidet vil delvis bli utført i datasentera, og arbeidsstad er Bergen eller Stavanger. Noko reising må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Du vil vere involvert i både drift og feilsøking av datasenter-nettet til Helse Vest IKT.
  • Automasjon av konfigurasjon og endringar.
  • Feilsøking og 3. linjesupport nettverksdrift.
  • Påverke vidare retning for utvikling av nettet i Helse Vest, og samarbeide tett med andre fagområde.
  • Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald.
  • Prosjektdeltaking i interne prosjekt.
  • Andre forefallande oppgåver.

Kvalifikasjonar

I denne stillinga er det ein føremon om du har erfaring med:

  • Generell drift av nettverk og IT-infrastruktur
  • Drift av datasenter-nettverk
  • Ansible, Terraform, Python eller tilsvarande løysingar
  • Cisco Nexus-plattformen vil vere ein stor føremon
  • Relevante sertifiseringar tel positivt
  • Erfaring kan vege opp for manglande formelle kvalifikasjonar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er ein føremon
  • Søkjaren må kunne tilgangsklarerast.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe i tverrfaglege team.
  • Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet.
  • Vi ser etter ein som er positiv, engasjert og sjølvstendig.
  • Nysgjerrig på ny kunnskap og teknologi.
  • I arbeidet er det viktig å ha fokus på gode løysningar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

  • Ein variert infrastruktur som støttar opp under behova i sjukehusa, og gir varierte arbeidsdagar.
  • Moglegheiter for kursing og sertifisering.
  • Eit kompetent fagleg miljø hos ei av Noregs største IKT-bedrifter.
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som indirekte bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
  • Gode moglegheiter for personleg initiativ og styring av det faglege, i tillegg til interessante utfordringar.
  • Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
  • Fleksitid.
  • Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
  • Løn etter avtale med overtidskompensasjon.
  • Stillinga gir medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Andreas Espelid, Seksjonsleiar, +47 41476552


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4838701553


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

BedriftTenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger