Anne Margrethe Espelid

Bibliotekar på Nissedal folkebibliotek

OmrådeNissedal
Publisert26.11.2025
Søk senest12.12.2025

Om stillingen

Nissedal folkebibliotek, er eit lite kombinasjonsbibliotek som ligg ved Tveit skule i Treungen.

Biblioteket er ope kvar måndag og onsdag og 20 laurdagar i året.

Til Nissedal folkebibliotek er det ein stillingsressurs på 48,43% biblioteksjef.

Det er ledig 48,43% vikariat på biblioteket frå 1. januar til 31. mai 2026


Arbeidsoppgåver

Biblioteksjefen har ansvaret for innkjøp av bøker, forvalting av boksamlinga, formidling av boksamlinga, i tillegg til arrangement og publikumsretta tenester.

Biblioteksjefen har ansvaret for å ha biblioteket ope for publikum.

Det er ope kvar måndag frå kl. 13.00 - 16.00 og onsdag frå kl. 12.30 til 18.00. Det er og ope 20 laurdagar i året, frå kl. 11.00 til 16.00.

I tillegg til offentleg opningstid, er det kontortid i forkant av opningstid, tilsvarande ein arbeidsdag.

Kvalifikasjonar

Utdanning:

* Bachelor i bibliotek og informasjonsvetanskap

* Utdanning på høgskulenivå som kan vere relevant

* Det kan bli gjeve dispensasjon for kravet om bibliotekfagleg utdanning i vikariat

* Personleg skikka, punktleg og pliktoppfyllande

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein bibliotekar som er:

* Serviceinnstilt og sosial

* God til å formidle bibliotekets rolle 

* God formidlingsevne på litteratur

* Oppteken av bibliotekets rolle i samfunnet

* Sjølvstendig og samarbeidsvillig


Vi tilbyr

* Eit godt og kreativt arbeidsmiljø

* Gode fasiliteter i eit velhalde og triveleg bibliotek

* Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsetjingar.

* Tariffesta løns- og pensjonsvilkår.

* Opplæring i biblioteksystem

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Espelid, Kultursjef

Arbeidsstad

Solås 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5022421764
Stillingsprosent: 48,43%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 12.12.2025

Anne Margrethe Espelid

BedriftAnne Margrethe Espelid

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt