Marit Kamp Lie

Bibliotekar 50 % stilling

OmrådeSør-fron
Publisert12.12.2025
Søk senest5.1.2026

Om stillingen

Sør-Fron bibliotek søker deg som brenn for barns leseglede. 

På Sør-Fron bibliotek tilbyr vi ei rekkje aktivitetar for barn, unge og familiar.


Arbeidsoppgåver

  • Du vil vera tilsett på Sør-Fron bibliotek på Hundorp, men og reise rundt i barnehagane for å tilby lesestunder og legge til rette for m.a. tøyveskebibliotek.
  • Du vil samarbeide tett med barnehagane og helsestasjonen for å gje eit tilrettelagt tilbod til barn i aldersgruppa 0-5 år. 
  • Du vil arbeide med samlingsutvikling, formidling og bibliotekrelatert arbeid på folkebibliotek. 
  • I tillegg kjem andre oppgåver knytt til dagleg drift. 

Stillinga er med i laurdagsturnus med vakt kvar tredje helg og deltek i dagleg drift av biblioteket etter oppsett turnus. 

Vi har databasesystemet Cicero og meiropesystemet Bibliotheca. 

Kvalifikasjonar

  • Førskule-pedagog med arbeidserfaring frå bibliotek eller Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Personlege eigenskapar blir vektlagt. 
  • Minimum to års arbeidserfaring med barn og unge 
  • Erfaring med planlegging og gjennomføring av formidling 

Personlege eigenskapar

  • Du er god på å skape trygge og gode relasjonar med barn 
  • Du må både kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i team 
  •  Du er god på å drive formidling 
  •  Du har god planleggings- og gjennomføringsevne 
  • Du må vera serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Du trivst i hektisk miljø med mange barn på besøk 

Vi tilbyr

  • Varierte og innhaldsrike arbeidsoppgåver 
  • Trivelege og serviceinnstilte kollegaer 
  • Gode moglegheiter for fagleg og eiga utvikling 
  • Løn etter kommunens lønsregulativ for stillingar med krav om høgare 3-årig utdanning 
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger

Relevante vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.  
For stillinga krevst det at gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, blir lagt fram før tilsetting, jfr. opplæringslova 10-9 og forskrift 15.  

Kontaktinformasjon

Marit Kamp Lie, Biblioteksjef, 97015275, [email protected]

Arbeidssted

Kommunevegen 7
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 5053386771
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026

Marit Kamp Lie

BedriftMarit Kamp Lie

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt