Jobbsafari
Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF

Bemanningskoordinator

19 dager siden
OmrådeHaugesund
Søk senest14.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Avdeling psykisk helsevern Haugesund sykehus flytta inn i nybygg hausten 2021. Avdelinga består av akuttpsykiatrisk post, avgiftingspost og spesialiserte poliklinikkar. 

Vi søkjer no etter bemanningskoordinator, med god evne til å jobba systematisk i ein hektisk kvardag.

Ein skal bistå avdelingas einingsleiarar med å kvalitetssikre den daglege drifta, primært knytt til bemanning og personal. Stillinga er ei nøkkelrolle i ein avdeling i spanende utvikling, og deltar i avdelingas leiarmøter.


Arbeidsoppgåver

  • Bistå leiarar med å kvalitetssikra den daglege drifta i forhold til bemanning av turnus og anna personell til drift av dei ulike einingane i avdelinga.
  • Ivareta bemanning innanfor gitte rammer og sørge for at avdelingas personal blir disponert på ein effektiv måte.
  • Utarbeide årsplanar, ferieplan og oppgåvetildeling for behandlarar i avdelinga.
  • Organisera personal i forhold til kurs, opplæring, nyansettelser ol.
  • Kommunisera og bidra til eit tett samarbeid med dei ulike einingsleiarane - og personalgruppa.
  • Oppretta og registrera arbeidsavtaler i avdelinga.
  • Det kan underveis komme justeringar av arbeidsoppgavane.
  • Stillinga inngår som ein stabstilling i leiargruppa.

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor som td. økonomi/administrasjon eller arbeidserfaring som kan kompensera for relevant utdanning.
  • Du har relevant arbeidserfaring innan administrasjon
  • Ynskjeleg med kjennskap til GAT, men ikkje eit krav.
  • Du må kunne bruka Excel som arbeidsverktøy.
  • Du har god kunnskap om lov- og avtaleverk.
  • Motivasjon for å arbeide i ein endrings- og utviklingsorientert organisasjon.
  • God skriftlig og muntlig framstillingsevne.
  • Evne til tydelig og god kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og analytisk, men balanserar fleksibilitet i møte med oppgåver og mennesker.
  • Du arbeider sjølvstendig, effektivt og målretta, samtidig som du tenker helhetlig og tar initiativ. 
  • Du er tydelig, proaktiv og løysingsorientert.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
  • Faglig og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden.

Mangfaldserklæring:

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877


Arbeidsstad

Karmsundgata 120


5528 Haugesund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4831741013


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 14.07.2024



Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF

BedriftAvdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF
Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger