Jobbsafari
Sunnfjord kommune Bemanningseininga

Bemanningseininga søker etter

2 måneder siden
OmrådeFørde
Søk senest2.3.2024

Om stillingen

Har du lyst på ein spennande arbeidskvardag i Bemanningseininga? Vi er på jakt etter deg som er fagleg dyktig og som trivast med utfordringar. Du må like variasjon og kjem til å arbeide på ulike einingar i Sunnfjord Kommune.

Bemanningseininga er ei eining som skal formidle kompetanse og arbeidskraft til ulike einingar i omsorg ved fråvær. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling og likar varierte oppgåver. Tenesteområda er institusjon, avlastningseininga, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse.

Vi har ledig:

  • 2x100 % stilling som vernepleiar, sjukepleiar eller Miljøterapeut med sosialfagleg utdanning
  • 1x100 % stilling som Helsefagarbeidar

 Stillingane er for tida i 2 delt turnus.

Krav til søkar:

  • for høgskulestillingane; 3 årig helse- sosialfagleg høgskuleutdanning
  • for stilling som Helsefagarbeidar; autorisasjon som Helsefagarbeidar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
  • førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • trivast å arbeide sjølvstendig og i team
  • er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel og stabil
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene og har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis

Vi kan tilby: 

  • engasjerte kollegar og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • brukar/pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spanande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr eit tillegg på kr 20.000,-. pr. år i 100 % stilling for å arbeide i Bemanningseininga

 Du må søke elektronisk!

Velkomen som søkar!


Link til søknadsskjema:

Søk her

Sunnfjord kommune Bemanningseininga

BedriftSunnfjord kommune Bemanningseininga
Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Søk etter flere lignende stillinger