Behandlar til FACT team
Om stillingen
Vil du bidra i tverrfagleg behandling ved Folgefonn DPS?
FACT er eit fleksibelt og aktivt oppsøkjande behandlingsteam, der ein jobbar tett saman på tvers av fag. Teamet består av lege, psykolog, erfaringskonsulent, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom og arbeidsspesialist (IPS).
Folgefonn DPS er ein del av klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF, og har ansvar for allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester i kommunane Kvinnherad og Ullensvang ? eit område med om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.
På Valen finn du også Treningspoliklinikk, TSB poliklinikk og ei døgnpost med 12 plassar, med godkjenning for tvunge psykisk helsevern.
Samarbeidet mellom døgnavdelinga, FACT-teamet og kommunehelsetenesta er godt etablert, med mål om å gi eit heilskapleg og koordinert behandlingstilbod for pasientane.
Vil du vere ein del av eit engasjert team som jobbar for å gjere ein forskjell? 👉 Søk no og bli med oss på laget i Folgefonn DPS!
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiing og behandling av allmennpsykiatriske- , psykose- eller rus lidingar
- Sjølvstendig behandlaransvar på delegasjon frå spesialist
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Samarbeid med kommunale instansar og andre
- Undervisning/vegleiingsoppgåver
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Helse-/sosialfagleg høgskuleutdanning t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar med relevant vidareutdanning (t.d. psykisk helse, rus, familievern) eller andre høgskuleutdanna med tilsvarande utdanning
- Førarkort for bil
- Gode norskkunnskaper er avgjørende for forsvalig pasientbehandling. Søker som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ved tilsetting av allerede fast tilsett i foretaket kan en unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Det er ønskeleg med erfaring:
- og/eller utdanning innan relevant metodikk (t.d. kognitiv terapi, motiverande intervju, case management).
- innan individualterapi, eller anna form for sjølvstendig ansvar for oppfølging innan psykisk helse.
- frå psykososialt arbeid, oppsøkjande/ambulant, samarbeid på tvers og på ulike nivå.
- i bruk av relevante utgreiingsverktøy.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som har
- gode kommunikasjons- og som set pris på å samarbeide med kollegaer.
- evne til å arbeida sjølvstendig, fleksibelt og til å ta ansvar i ein hektisk arbeidskvardag
- stort initiativ, er engasjert, reflektert og ser etter nye løysingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Ein del av eit sterkt fagmiljø ? Samarbeid med engasjerte og erfarne kollegaer som deler kunnskap og utviklar faget saman.
- Tverrfagleg samarbeid ? Jobb på tvers av fagfelt for å gi best mogleg oppfølging og behandling.
Kontaktinformasjon
Erlend Hellingsrud, Funksjonsleiar - poliklinikk, 95256269, [email protected]Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 12, [email protected]
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 135451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4931588466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
Folgefonn DPS, Valen sjukehus
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025