Fredric Holen Bjordal

Bedriftsrådgjevar

OmrådeVolda
Publisert27.10.2025
Søk senest1.12.2025

Om stillingen

Bedriftsrådgjevar

Vil du hjelpe bedrifter på Søre Sunnmøre å lukkast?

Vi har forplikta oss til å hjelpe små og store bedrifter til å nå måla sine.

No kan du som vil hjelpe næringslivet i regionen søkje på draumejobben din. Vi er allereie Midt-Noregs største kompetansemiljø for næringsliv, og det skal vi halde fram med å vere. Saman skal vi hjelpe endå fleire bedrifter på Søre Sunnmøre.

Å jobbe som bedriftsrådgjevar hos oss betyr at du blir ein del av eit storlag som jobbar med bedrifter og menneske. Vi har bransjens beste og største verktøykasse for både bedrifter og bedriftsrådgjevarar. Det gjeld både kva vi kan tilby av produkt og tenester, og kva vi har tilgang til av kompetanse.

Hjå oss skal det vere lagt til rette for at du som bedriftsrådgjevar skal lukkast i det viktige oppdraget ditt. Er du god til å samarbeide, lytte, lære – og blir du driven av å skape resultat? Då er du rett person for oss.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Rådgjevar og relasjonsbyggjar overfor bedrifter på Søre Sunnmøre
  • Sikre gode kundeopplevingar gjennom sal, rådgjeving og kredittbehandling
  • Jobbe proaktivt med identifisering og rekruttering av nye kundar
  • Jobbe aktivt med eksisterande kundar og saman med kunden finne gode løysingar innan finansiering, pensjon, forsikring, kapitalplassering og betalingsløysingar
  • Gjere kundane i stand til å bruke sjølvbetente løysingar
  • Vere ein ambassadør både for banken og resten av konsernet, og delta i og ta ansvar for marknadsaktivitetar
  • Bidra til at arbeidsmiljøet også framover blir prega av engasjement og samarbeid

Du vil samarbeide med andre fagfelt i banken som næringslivsforsikring, breidde- og produktselskapa, SpareBank 1 Regnskapshuset SMN, SpareBank 1 Finans og SpareBank 1 Markets, i tillegg til å delta i relevante nettverk utanfor banken.

Kvifor velje SpareBank 1 SMN som arbeidsgivar?

  • Som eit stort finanskonsern har vi sjølvsagt gode vilkår på lån, forsikring og pensjon, samt mykje meir
  • Utviklings- og karrieremoglegheiter med stort fokus på intern mobilitet, gjennom vår eigen utviklingsarena «Akademiet»
  • Ein arbeidsgivar som er eigd av lokalsamfunnet – og som er oppteken av å gi tilbake til samfunnet og gjere Midt-Noreg til ein betre stad å bu for oss alle

Kven ser vi etter? Vi trur du har gode føresetnader for å lukkast hos oss dersom du kjenner deg att i dette:

  • Erfaring frå bank, rekneskap eller tilsvarande næringar
  • Relasjonsbyggjar
  • Trivst med å vere ute på relevante arenaer som ambassadør for SpareBank 1 SMN
  • Praktisk forretningsforståing, kredittforståing og evne til å vurdere risiko
  • Strukturert, analytisk, nysgjerrig, sjølvstendig, initiativrik og lærevillig
  • Motiverast av å jobbe fram resultat i lag
  • Engasjert og oppteken av næringslivet og lokalsamfunnet vårt
  • Relevant økonomisk utdanning på minimum bachelornivå

Høyrest dette interessant ut? Då oppmodar vi deg til å søkje, eller ta kontakt med banksjef næringsliv Fredric Holen Bjørdal på tlf. 922 67 330.

PS! Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad!

Vi gjer merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å hente inn ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi gjer kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i tråd med heimlar i lov om finansføretak og lov om forsikringsformidling, samt stadfesting frå Brønnøysundregistrene om at arbeidstakar ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsetjinga er betinga av at det ikkje kjem fram forhold som er til hinder for utøving av stillinga.

Fredric Holen Bjordal

BedriftFredric Holen Bjordal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
AnbefaltNy