Jobbsafari
Ulstein Elektro Installasjon AS

Basmontør

22 dager siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest31.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Vil du jobbe med elektroinstallasjon i eit engasjert team? 
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsdivisjonen i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire til teamet vårt. 
Vi er på jakt etter deg med interesse for elektroinstallasjon innan skipsindustrien. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver, vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg, og vi har fokus på at personleg utvikling er viktig for trivsel. Intervju vil bli gjennomført fortløpande. 
Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunde med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.


Arbeidsoppgåver

  • Administrere og organisere montørar i prosjekt
  • Kontrollere at alt arbeid foregår på ein forsvarleg måte
  • Kontrollere materiell og melde frå om avvik
  • Internrapportere framdrift og avvik til formenn

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Det er ønskeleg med fagbrev som elektrikar gr. L. I tillegg er det nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Mange av arbeidsoppgåvene våre krev også at du har praktisk og teknisk forståing, og det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.


Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre, og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksitidsavtale for våre tilsette.

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Det er berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.

Kontaktinformasjon

Dagbjørn Myklebust, Head of Administration, 90545468, [email protected]


Atle Moldskred, Department Manager Production, 47021540, [email protected]


Arbeidsstad

Osnesvegen 110


6065 Ulsteinvik


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS



Referansenr.: 4831421669


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 31.07.2024



Ulstein Elektro Installasjon AS

BedriftUlstein Elektro Installasjon AS
Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger