Om stillingen
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.
Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner.
Det er ledig 260 % fast stilling som barnevernskonsulent og 40% vikariat med varigheit eit år..60 % fast og 40% vikariat vil bli kombinert i ei stilling. Ved interne tilsetjingar kan det bli ledig vikariat med inntil eitt års varigheit.
Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillingane!
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Tverrfagleg samarbeid
- Sakshandsaming for nemnd og rett
- Deltaking i fagleg utviklingsarbeid
- Samarbeide i team
- Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom
- God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning
- Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Godkjent politiattest må leverast før tilsetting
Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar
- Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert
- Gode analytiske evner
- Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ
- Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid
- Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis
- Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Systematisk opplæring og rettleiing
- Fleksitid
- Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø
- Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom
- Inkluderande arbeidslivsverksemd
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Aina Øyehaug Opsvik, +47 40092789Torill Osborg Vinjevoll, 48148857
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5039350297
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025

