Om stillingen
Me søkjer etter ny barnevernleiar i Time kommune.
Me søkjer ein barnevernleiar som vil leia gjennom tillit til dei 30 dyktige medarbeidarane si kunnskap, og som vil leggja til rette for at dei tilsette kan utvikla seg i møte med oppdraget til barneverntenesta. Du likar å jobba systematisk, og trivst med å analysera data som er tilgjengeleg for å utvikla tenesta, samtidig som du kan senka skuldrene og bli med på drøsen med personalet.
Du vil ha det daglege ansvaret for at barn, unge og deira familiar får den hjelpa dei har rett på, og behov for i tråd med barnevernlova. I dette arbeidet har du med deg to avdelingsleiarar som har personalansvar for sine avdelingar. Barneverntenesta er delt i to avdelingar: Avdeling "MUO (Mottak, undersøking og oppfølging) og Omsorg" og avdeling "Felles tiltaksavdeling Time, Klepp og Hå". Felles tiltaksavdeling er eit vertskommunesamarbeid med nabokommunane Klepp og Hå. I avdeling for MUO og Omsorg er det i tillegg to fagkoordinatorar som har fagansvaret for dei to ulike fagområda.
Time kommune arbeider framleis med å nå måla i oppvekstreforma, og barneverntenesta har eit særleg fokus på å styrka det målretta samarbeidet med dei me gir tenester til. Å auka grad av reell medverknad krev endringar i haldningar, kompetanse, kultur og arbeidsmåtar. Som vår nye leiar blir du sentral i å byggja ein kultur som skapar tillit til barn, foreldre, andre samarbeidspartnarar og innbyggjarane i Time kommune.
Time kommune har om lag 20 000 innbyggjarar. Barneverntenesta har kontor på rådhuset, sentralt og med kort avstand til kollektivtransport.
Arbeidsoppgåver
Som barnevernsleiar er du øvste leiar for barnevernstenesta og får det overordna ansvaret for dei lovpålagde ansvarsområda med avgjerdsmynde etter barnevernlova, utvikling, personal og økonomi. Du vil rapportera til barne- og familiesjef i Oppvekst og vera del av eininga Barn og familie. I det tverrfaglege leiarteamet vil du samarbeida med leiarane for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Helsestasjon- og skulehelseteneste, flyktningteneste, Time kulturskule og ungdomsteam. Dine leiarkollegaer møter du i jamlege leiarmøter.Kvalifikasjonar
Barnevernleiar skal vera ein fagperson med høgare sosialfagleg utdanning som har jobba mykje med kommunalt og/eller statleg barnevern. Det er ønskeleg med leiarerfaring frå fortrinnsvis kommunalt barnevern. Me ser etter ein leiar som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har legitimitet og kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga. Det vert krevd gode norskkunnskaper, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
Personlege eigenskapar
- Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
- Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
- Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
- Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne føresetnadar, styrkar og svakheiter
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- Ei spennande, variert og utfordrande leiarstilling i ei verksemd med kompetente tilsette og sterkt fagleg fokus
- Ein unik moglegheit til å vera pådrivar ein oppvekstsektor i utvikling
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Siri Endresen, Barn- og familiesjef, +47 41437427Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4877216299
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.11.2024
Barn og familie, Time kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Er du vår nye servicemedarbeider på renhold?
Voss - Toma Facility Norge As Avd Ålvik - Publisert 13.12.2024Er du vår nye landbruksvikar i Hustadvika kommune?
Hustadvika - Landbruk Nordvest Sa Avd Molde - Publisert 13.12.2024Avdelingssykepleier
Stavanger - Tasta Sykehjem - Publisert 13.12.2024Trafikkassistent
Harstad - Connect Bus Norge As Avd Harstad - Publisert 13.12.2024Pedagogisk leder/barnehagelærer søkes; la oss nyte godt av dine pedagogiske ferdigheter!
Stavanger - Geitastova Barnehage Sa - Publisert 13.12.2024