Jobbsafari
Barnehagane i Midt-Telemark

Barnehagelærerar 2024/2025 - fast/vikar

4 måneder siden
OmrådeBø i Telemark
Søk senest26.2.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Vi søkjer etter deg som er engasjert, løysningsorientert og er raus og som jobber med hjertet!

Det er 3 kommunale barnehagar i Midt-Telemark kommune:

  • Folkestad barnehage er ein barnehage med 4 avdelingar. Barnehagen er omgitt av flott natur, i og rundt barnehagen, og ligg i Folkestadfeltet.
  • Bøhamna og Gullbringbarnehage er begge barnehagar med 4 avdelingar. Barnehagane er sentrumsnære og har Universitetet i Søraust-Noreg og Evjudalen i nærmiljøet sitt. 

Alle barnehagane i Midt-Telemark kommune har ei felles satsing på Trygghetssirkelen (COS-P). Dette er ei satsing gjennom Regional kompetanseheving. I tillegg er barnehagane ein del av Kompetanseløftet for spesialpedagogisk arbeid og inkludering

Spesifiser under spørsmål kva for barnehage du søkjer på.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage du ønskjer å søke på.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og barnehagens årsplan
  • Bidra til vidareutvikling av pedagogisk praksis gjennom refleksjon-, prosess- og planarbeid
  • Bidra aktivt i vidareutvikling av barnehagens læringsarena
  • Bidra til omsorg, tryggheit, utvikling og læring for barna
  • Samarbeide med og veilede anna personale
  • Samarbeide med PPT, barnevern, helsesjukepleiar og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna
  • Skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna
  • Leggje til rette for og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning.
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert.

Ønska kompetanse

  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn i barnehage.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Midt-Telemark kommune trenger ansatte som vil være med å utvikle barnehagen, har rause holdninger og er fleksible i kvardagen.

  • Evne til inntonig i samspel med barn og vaksne
  • God på relasjonsbygging -
  • Tydeleg og strukturert
  • Fleksibel, samarbeidsvillig, raus og kreativ
  • Du må vere nysgjerrig og like utfordringar
  • Aktiv og positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å mestre ein hektisk kvardag 

Vi legg stor vekt på at søkjarane er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Utviklingsorentera barnehagar med dyktige ansatte
  • Fokus på helsefremmande arbeidsmiljø og skape trivsel på arbeidsplassen
  • Fokus på tidleg innsats og tverrfagleg arbeid
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Tone Forberg, Styrar Folkestad barnehage, 95871091


Line-Cecilie Haugerud, Konst. styrar Folkestad barnehage, 90784260


Ingvild Tovslid Aase, Styrar Gullbring barnehage, 91992946


Astrid Hegna, Styrar Bøhamna barnehage, 97101988


Arbeidsstad

Hellåsen 2


3804 Bø i Telemark


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4763887753


Stillingsprosent: 100%


Anna


Startdato: 15.08.2024


Søknadsfrist: 26.02.2024



Barnehagane i Midt-Telemark

BedriftBarnehagane i Midt-Telemark
Om bedriften

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger