Elisabeth Warpe

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Publisert4.3.2026
Søk senest25.3.2026

Om stillingen

Vi søker dyktige og engasjerte barnehagelærarar / pedagogiske leiarar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.

Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Leikanger barnehage. Andre stillingar kan også bli ledige, både faste og vikariat. Vi ser fram til å motta søknaden din!


Arbeidsoppgåver

  • leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
  • legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
  • legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
  • leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
  • skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
  • tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærargjerne rettleiingskompetanse
  • ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
  • evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle
  • kunnskap om den autoritative vaksenrolla
  • kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

For arbeid i barnehage er det krav om bestått norsk prøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
  • tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
  • ser verdien av tverrfagleg samhandling
  • god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
  • ser løysingar på utfordringar
  • oppteken av å skape ein god kvardag for barna

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt.

Vi tilbyr

  • fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
  • eit støttande og positivt arbeidsmiljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging av nytilsette
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • IA-bedrift

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5075527491
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026

Elisabeth Warpe

BedriftElisabeth Warpe

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Overingeniør / senioringeniør

Sjøfartsdirektoratet

Haugesund14.4. - 4.5.
Ny