Jobbsafari
Kommunale barnehagar i Midt-Telemark kommune

Barnehagelærarar 2024/2025 - fast/vikar, 2. gongs utlysing

1 måneder siden
OmrådeBø i Telemark
Søk senest18.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Me søkjer engasjera barnehagelærarar!

I Midt - Telemark er det 3 kommunale barnehagar, som søker etter barnehagelærarar.

- Folkstad barnehage: 50% fast.
 - Gullbring barnehage: 100% fast.
 - Bøhamna barnehage: 100% vikariat.

Om barnehagane:
Kvar barnehage har fire avdelingar. 

Alle barnehagane i Midt - Telemark kommune har ei felles satsing på Trygghetssirkelen (COS-P). Dette er ei satsing gjennom Regional kompetanseheving, der USN er faginnstansen. I tillegg er barnehagane ein del av Kompetanseløftet for spesialpedagogisk arbeid og inkludering. Barnehagane har eit variera nærmiljø, som nyttast i det daglige.

 - Folkestad barnehage, i Folkestadfeltet.
 - Gullbring barnehage, i sentrum ved Gullbring kulturanlegg. 
 - Bøhamna barnehage, i sentrum ved USN.

Spesifiser under spørsmål kva for barnehage du søkjer på.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage!

Kontaktinformasjon:
Styrar Bøhamna barnehage - Astrid Hegna, tlf. 971 01 988.
Styrar Gullbring barnehage - Ingvild Aase, tlf. 919 92 946.
Konstituert styrar Folkestad barnehage - Line Cecilie Haugerud, tlf. 907 84 260.
Styrar Folkestad barnehage - Tone Forberg, tlf. 958 71 091.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og barnehagens årsplan.
  • Bidra til vidareutvikling av pedagogisk praksis gjennom refleksjon-, prosess- og planarbeid.
  • Bidra aktivt i vidareutvikling av barnehagens læringsarena.
  • Bidra til omsorg, tryggheit, utvikling og læring for barna.
  • Samarbeide med og veilede anna personale.
  • Samarbeide med PPT, barnevern, helsesjukepleiar og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.
  • Skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna.
  • Leggje til rette for og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning.
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert.

Ønska kompetanse

  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn i barnehage.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Midt-Telemark kommune trenger ansatte som vil være med å utvikle barnehagen, har rause holdninger og er fleksible i kvardagen.

  • Evne til inntonig i samspel med barn og vaksne.
  • God på relasjonsbygging.
  • Tydeleg og strukturert.
  • Fleksibel, samarbeidsvillig, raus og kreativ.
  • Du må vere nysgjerrig og like utfordringar.
  • Aktiv og positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
  • Evne til å mestre ein hektisk kvardag .

Vi legg stor vekt på at søkjarane er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Utviklingsoreintera barnehagar med dyktige ansatte.
  • Fokus på helsefremmande arbeidsmiljø og skape trivsel på arbeidsplassen.
  • Fokus på tideleg innsats og tverrfagleg arbeid.
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Ingvild Tovslid Aase, Styrar, +47 91992946


Arbeidsstad

Gullbringvegen 31


3800 Bø


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4777609676


Stillingsprosent: 50, 100%


Fast, Vikar


Startdato: 12.08.2024


Søknadsfrist: 18.03.2024



Kommunale barnehagar i Midt-Telemark kommune

BedriftKommunale barnehagar i Midt-Telemark kommune
Om bedriften

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger