Barnehagelærar - vikariat 100 % (med moglegheit for fast stilling)
Om stillingen
Me har eit ledig vikariat som barnehagelærar (100 %) frå 5.jan. - 3.juli. 2026 - med moglegheit for fast stilling - og søkjer deg som brenn for born, natur og friluftsliv.
Hva vi ser etter
Krav til stillinga:
Godkjent barnehagelærarutdanning
Krav om norskkunnskapar etter barnehagelova § 27
Krav om gyldig politiattest jmfr. barnehagelova § 30
Personlege eigenskapar:
Ein aktiv, interessert, engasjert, leiken, medopplevande og anerkjennande vaksen - som set borna og leiken i sentrum
Fagleg engasjert og motivert
Trivst ute til alle årstider
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Må kunne ta ansvar, initiativ og vere ein tydeleg og god rollemodell
Løysingsorientert
Personleg eigenskap vert vektlagt
Arbeidsoppgaver
Planlegge og strukturere arbeidet i kvardagen i samarbeid med ped.leiar
Skape eit trygt og inspirerande leike- og læringsmiljø for både barn og vaksne
Leie og organisere barnegrupper med fokus på leik, læring og utvikling
Dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet for å sikre kvalitet, kontinuitet og utvikling i samarbeid med ped.leiar
Bidra til eit godt foreldresamarbeid
Vi tilbyr
Liten barnehage som ligg midt i smørauga for å gi borna ein god barndom
Engasjerte vaksne og foreldre
Leirplass m/ stor lavvo
Minibuss og båt
Løn etter gjeldande avtaleverket

