Oppvekst og kulturetaten

Barnehagelærar, Pedagogisk leiar

OmrådeUlsteinvik
Publisert26.2.2026
Søk senest22.3.2026

Om stillingen

Om stillinga

Ulstein kommune har tre kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage og Almejordet barnehage. Her kan du lese meir om barnehagane.
Frå 01.08.26 vil også Sætra barnehage være kommunal barnehage.
Vi vil frå barnehageåret 2026/2027 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det kan bli ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Vi er på jakt etter topp motiverte, engasjerte og kvalitetsbevisste barnehagelærarar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar. Det skal byggast ny barnehage i Hasund krins (Sundgotmarka barnehage), og Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028.
Vi søker deg som vil bidra med nye idear inn i desse spanande prosessane.

Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale.

Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper
  • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
  • Samhandling med andre instansar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid
  • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik
  • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m.
  • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar


Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
  • God relasjons- og leikekompetanse
  • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter
  • Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna


Personlege eigenskapar

  • Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Autoritativ
  • God motivator
  • Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
  • Autonomi
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ

    Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19

Oppvekst og kulturetaten

BedriftOppvekst og kulturetaten
Om bedriften

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Barnehagelærer By barnehage

Åfjord Kommune

Åfjord16.4. - 22.4.
5 dager igjen