Gerd Haugsland Kolstø

Barnehagelærar

OmrådeSuldal
Publisert11.11.2025
Søk senest24.11.2025

Om stillingen

Stølane barnehage ligg i Stølane byggefelt i Erfjord. Me ligg vakkert til med skog og sjø nær til barnehagen. Visjonen vår er «Saman byggjer me felleskap». Me vil skapa gode fellesskap i barnehagen der alle barna våre skal kjenna at dei høyrer til, er trygge og vågar å vera seg sjølv.

Får og med 02.01.2026 har me ledige vikariat som barnehagelærar. 

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik:  200%
  • Stillingtype: Vikariat
  • Stillingane er ledige frå: 02.01.2026 til 17.08.2026 (nytt barnehageår 2026) 

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.

Barne- og ungdomsarbeidarar og andre med relevant erfaring innen barnehage kan søkje på stillinga, men blir då tilsett som konstituert barnehagelærar.

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskunnskapar.

 Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Gerd Haugsland Kolstø

BedriftGerd Haugsland Kolstø

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Hertz Tromsø Lufthavn søker en dedikert og serviceinnstilt Customer Sales Representative

The Hertz System, Inc.

Tromsø8.12. - 13.12.
4 dager igjen