Jobbsafari
Prestemarka barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre

Barnehagelærar - 100 % stilling, vikariat 

1 måneder siden
OmrådeSkodje
Søk senest26.5.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Barnehagelærar - 100 % stilling, vikariat 01.10.24 - 31.05.25


Arbeidsoppgåver

Barnehagelærar og pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe i nært samarbeid med føresette og andre tilsette ved barnehagen. Pedagogisk leiar er barnehagelærar sin næraste overordna.

Kvalifikasjonar

  • ­­­­­­­­For stilling som barnehagelærar og pedagogisk leiar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning
  • med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • God IT-kunnskap og forståing.
  • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
  • På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke.
  • Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som  barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein medarbeidar som

  • har solid kunnskap om barns utvikling og behov
  • er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
  • ønsker å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
  • er fleksibel og initiativrik
  • er kreativ og løysingorientert
  • kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
  • Løn etter gjeldande tariff.
  • God pensjonsordning.

Kontaktinformasjon

Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569


Arbeidsstad

Nedreskodjevegen 12


6260 SKODJE


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4811810939


Stillingsprosent: 100%


Vikar


Startdato: 01.10.2024


Sluttdato: 31.05.2025


Søknadsfrist: 26.05.2024



Prestemarka barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre

BedriftPrestemarka barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre
Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger