Barnehagelærar 100 %fast stilling

OmrådeModalen
Publisert26.6.2024
Søk senest4.8.2024

Om stillingen

Velkomen til Modalen barnehage!

Barna i Modalen barnehage er stolte over barnehagen sin og ønskjer nye kvardagsheltar velkomne. 

Er Modalen barnehage best? Ja, meiner barna! Sjå sjølv då vel!


Om stillinga

Som barnehagelærar i Modalen barnehage får du god oversikt og tett kontakt med borna. Me er ein liten 2 avdelingsbarnehage med bemanningsnorm 5 barn per tilsett. Høgare pedagognorm enn nasjonalt. Me ligg fint til  i nær tilknyting til skog og natur. Me har fokus på språk, tegn-til-tale, humor og glede. 


Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Pedagogisk utvikling i barnehagen
  • Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet. 
  • Bidra til å skapa, leikande, meiningsfylte dagar saman med barna i barnehagen 
  • Godt foreldresamarbeid
  • Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø med både barn og voksne 
  • Samarbeid med ulike instansar 
  • Digital dugleik med og uten barn.

Kvalifikasjonskrav

  • Barnehagelærarutdanning 
  • Gyldig politiattest, jamfør Lov om Barnehagelova §30 
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Våre ynskje om deg

  • Ein hjartevarm og inkluderande voksen som alltid har barna i fokus
  • Ein tydeleg og god rollemodell 
  • Nysgjerrig, engasjert, fleksibel og positiv 
  • Pålitelig, robust og løysingsorientert
  • Oppteken av kvalitet og fagleg utvikling.

Me tilbyr

Vil du jobbe på ein spanade arbeidsplass med moglegheit til å påverke og utvikla den pedagogiske verksemda? Då er dette jobben for deg! 


Me tilbyr:

  • Moglegheit for pedagogisk leiarstilling (tillegg på kr 30 000,-) 
  • Garantiløn tilsvarande 8 år ansiennitet
  • Tilsetjing og lønn etter gjeldande avtaleverk og lover
  • Nedbetaling av studielån inntil 20 000,- på år for full stilling i inntil 5 år
  • 6 timar planleggingstid 
  • Opplæring til stillinga og rettleiing for nyutdanna
  • Motiverte og engasjerte kollegaer med fokus på arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar 
  • Tilretteleggjing for vidareutdanning 
  • Gode seniortiltak 
  • God pensjonsordning i KLP og IA-avtale.

Modalen kommune jobbar for å ha ein høgare pedagognorm enn nasjonalt og ein høgare grunnbemanning med 5 born per tilsett.

Mannlege søkjarar vert spesielt oppfordra til å søkja. 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort (Off.lova §25). 


Modalen Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Regional Manufacturing Excellence Manager

Mondelez International

Sverige7/4 - 7/18
Anbefalt