Gerd Haugsland Kolstø

Barne- og ungdomsarbeidar

OmrådeSuldal
Publisert4.11.2025
Søk senest19.11.2025

Om stillingen

Er du på jakt etter dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet?  Då er det deg me er på leit etter.

Stølane barnehage ligg i Stølane byggefelt i Erfjord. Me ligg vakkert til med skog og sjø nær til barnehagen. Visjonen vår er «Saman byggjer me felleskap» Me vil skapa gode fellesskap i barnehagen der alle barna våre skal kjenna at dei høyrer til, er trygge og vågar å vera seg sjølv.

Om stillinga

- Stillingsstorleik: 100% 
- Stillingstype: Fast
- Stilling ledig frå: 02.01.2026

Arbeidsoppgåver
I barnehagane i Suldal arbeidar me med "Være saman" programmet, slik at eg skal vera meg - men gi plass til andre slik at dei blir seg.
Det beste med å jobba i barnehage i Suldal er kanskje den rike naturen vår.  Den byr på undring og glede for borna våre og deg som har evne til å sjå på naturen som ein god læringsarena.

Jobben vil blant anna innebæra:

  • Delansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
  • Delansvar for vurdering og dokumentering.
  • Arbeid med barn ute og inne.

Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:

Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
Tilstadeverande.
Fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

Eit positivt menneskesyn.
Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
Erfaring frå arbeid i barnehage.
Gode norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal,  https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/provebu-suldal/

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Gerd Haugsland Kolstø

BedriftGerd Haugsland Kolstø

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Hertz Tromsø Lufthavn søker en dedikert og serviceinnstilt Customer Sales Representative

The Hertz System, Inc.

Tromsø8.12. - 13.12.
4 dager igjen