Siw Homme

Barne og ungdomsarbeidar

OmrådeBygland
Publisert29.9.2025
Søk senest20.10.2025

Om stillingen

Oppvekstsektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7. og SFO, samt Byglandsfjord barnehage. Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde.
Alle barn i barnehagane i Bygland kommune, skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.

Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg rett ved sida, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 20 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.

Barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeidar tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.

No har vi ledig ei mellombels 100% stilling som barne -og ungdomsarbeidar i Byglandsfjord barnehage frå 01.01.2026 – 31.07.2026.

Vi tilbyr:

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Høve til å vere tett på det einskilde barn og til å gjere ein stor forskjell.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
  • Ein sektor i utvikling.
  • Pensjonsordning gjennom KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
  • Lønn iht. gjeldande tariff.

For tilsetting i barnehage er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader.Denne må leggjast fram før tilsetting trer i kraft (jf. Barnehagelova §30).

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25)


Arbeidsoppgaver

  • Ha dagleg omsorg for barn inne og ute
  • Skape eit positivt leike- og læringsmiljø
  • Støtte barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
  • Samarbeide med føresette og tilsette
  • Bidra til eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
  • Bidra til eit nytenkande og kreativt fagmiljø

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Annan relevant bakgrunn kan bli vurdert
  • Gode norskspråklege ferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Personlige egenskaper

  • Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie.
  • Ein som er positiv og engasjert i barn
  • Trivst med leik og aktivitet
  • Stabil og påliteleg
  • Fleksibel og samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og ansvarsfull
  • Personleg egnetheit vektlegges

Kontaktinformasjon

Siw Homme, Barnehagestyrer Byglandsfjord barnehage, +47 951 16 960, [email protected]

Arbeidssted

Setesdalsvegen 2012
4741 Byglandsfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5021394602
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.10.2025

Siw Homme

BedriftSiw Homme

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt