Jobbsafari
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

Azure infrastruktur-administrator

24 dager siden
OmrådeFørde
Søk senest30.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, med cirka 1300 system og rundt 37 000 medarbeidarar.

Som Azure infrastruktur-konsulent i seksjonen Skytenester vil du vere med på å drifte og vidareutvikle Azure-plattforma i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Du vil vere del av Azure-teamet som arbeider med å legge til rette for og vidareutvikle plattforma, samt ha ein rådgjevande funksjon. Vi har mange spennande prosjekt og løysingar på gang og arbeider saman med både forskings- og utviklingsmiljø. Seksjonen Skytenester forvaltar og driftar bl.a. Microsoft 365 og Azure. 

Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje. Høyrest det givande ut? Då vil vi snakke med deg! 

Arbeidsstad vil vere Bergen eller Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Drift, forvalting og design av Azure-miljø
  • Utvikle og vedlikehalde infrastruktur-som-kode (IaC) for automatisk provisjonering og konfigurering av Azure-ressursar
  • Rådgjevnad og bistand for tenester som skal inn i plattforma
  • Hjelpe til med å strømlineforme prosessar
  • Vere med på å sørge for sikkerheit i løysingane, tilgangsstyring og at vi følger samsvarskrav. Det er strenge krav til behandling av personopplysingar og data i helsesektoren

Kvalifikasjonar

  • God kjennskap til Azure infrastruktur og erfaring med drift i større miljø
  • Drift av løysingar i hybride miljø og multi-cloud
  • Microsoft Entra ID (Azure AD)
  • Erfaring med Terraform (IaC), PowerShell og andre relevante kodespråk for drift
  • DevOps metodikk og bruk av GitHub og DevOps
  • Sertifiseringar i Azure-teknologiar og andre skyrelaterte område er eit pluss
  • Du er god til å dokumentere løysingar og formulere krav
  • Sjølvgåande og med eit ønske om å vere oppdatert og langt framme i faget 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er dyktig til å dokumentere løysingar og formulere krav
  • Gode samarbeidsevner
  • Du tar initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
  • Du tar ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid
  • Sjølvgåande og med eit ønske om å vere oppdatert og vidareutvikle infrastrukturen.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein organisasjon i endring og vekst
  • Du får høve til å skape gode resultat både åleine og i samarbeid med andre
  • Eit godt tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
  • Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid.  

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Peter Galambos, Seksjonsleiar, +47 46896195


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4856448289


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

BedriftTenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger