Avløysar for mjølkeproduksjon og sau - Luster
Om stillingen
Avløysar hjå bønder i Luster med mjølkeproduksjon men også litt sau.
Hva vi ser etter
Bonden treng flinke folk for å sikre god matproduksjon. Og dei relativt store gardane treng ekstra personale for ta ut rettane dei har i velferdsordningane i landbruket.
Me ser etter ein person som er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig.
Du må kunne kommunisere godt med bonden. God dyrevelferd.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene dine blir stell og pass av husdyra på garden når bonden ikkje greier det sjølv eller treng ferie og fritid.
Dersom du likar praktisk arbeid, stell og pass av dyr, mekking og skruing, då er du rett person for oss.
Drifta på det enkelte gardsbruk varierer og det trengst evner til god kommunikasjon og gjennomføring av rutinar i følgje opplæring.
Du skal arbeide hjå fire bønder og følgje ein arbeidsplan som blir sett opp i fellsskap
Vi tilbyr
Me tilbyr ein jobb der du får bruke alt du har lært om husdyrhald og gardsdrift. Det er variasajon i arbeidsoppgåvene alt etter årstida og du har difor arbeid både inne i fjøset og ute på garden eller i skogen.
Du kjem i eit kollegium med andre avløysarar og landbruksvikarar i Indre Sogn.
Me tilbyr aktuelle kurs og faglege samlingar.