Magnhild Hakestad

Avdelingsleiar yrkesfag

Område

Voss

Publisert

2.10.2026

Søk senest

25.10.2026

Om stillingen

Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i  rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.


Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar

  • har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga 
  • sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelinga
  • ivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
  • utviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulen
  • deltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa

Kvalifikasjonar

Du har

  • undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule
  • god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne og god digital kompetanse
  • erfaring med administrative program innanfor t.d. skuleårsplanlegging og økonomistyring

Det er ønskjeleg at du har skuleleiarutdanning og/eller -erfaring

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein leiar som 

  • er open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit 
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid 
  • har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande  
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver og eit høgt tempo

Vi tilbyr

  • eit profesjonsfellesskap med høg fagleg kompetanse og sterkt elevfokus
  • løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar 


Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, [email protected]

Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5188188969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026

Tilbake til toppen

Magnhild Hakestad

Bedrift

Magnhild Hakestad

Søk etter flere lignende stillinger

VossUtdanning

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

OCTG Planner

Ikm Gruppen AS

Florø・15.10. - 23.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS