Avdelingsleiar - vikariat, Psykisk helse og rus, Hågålia, 2. gongsutlysning
Om stillingen
Vi tilbyr ein mogelegheit til å prøve seg som leiar innan fagfeltet psykisk helse og rus!
Hågålia er ein flott stad. Det som særlig preger Hågålia er eit hyggelig arbeidsmiljø. Dersom du kan tenke deg leiaroppgåver for ein periode, kan psykisk helse/Hågålia vere den rette staden for deg.
Butenesten yter tenester til menneske med psykiske lidingar og /eller avhengighetsproblematikk, og er lokalisert til bufellesskapet Hågalia i Bø. Vi har fokus på brukarmedverkand og å sjå den einskilde sine ressursar, for at ein skal mestre sin kvardag best mogleg.
Vi har 13,7 årverk i tenesta, kor 8,6 årsverk består av vernepleierar, sykepleierar, sosionomar og idrettspedagog. Vi har også to helsefagarbeiderar med vidareutdanning i psykisk helse.
Kvardagen kan iblant vere utfordrande, derfor har vi ei tilsettgruppe som har opparbeida eit sterkt samhold, med god støtte i kvarandre. Vi jobbar i ulike team, og har arenaer for å dele kompetanse. Vi har fast samarbeid med tenestekontor, spesialisthelsetenesten og politi.
Vi ser for oss ein leiar som er oppteken av fag, engasjement, humor, godt arbeidsmiljø, openhet og tryggleik.
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere dagleg drift, arbeidstidsplanlegging i Visma ressursstyring
- Dagleg oppfølging av tilsette
- Faglig oppfølging av tenesten
- Følge opp vedtak i tenesten
- Journalansvarleg
- Medikament/avvikshandsaming
- Medarbeidaroppfølging, herunder medarbiedarsamtaler og sjukefråværsoppfølging
- Sørge for internopplæring/kompetanseheving
- Pårørande- og brukarkontakt
- Kontakt med samarbeidspartnarar
- Informasjon
- Budsjettansvar og økonomirapportering
- Bistå i miljøarbeidet ved ledig tid
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag kan vurderast, og kompensere for kravet om autorisasjon.
- Erfaring frå og/eller fagkunnskap innan fagfeltet psykisk helse og rus
Ønska kompetanse
- Leiarkompetanse, i form av leiarutdanning eller erfaring
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Evne til planlegging og struktur
- Fokus på samarbeid og det å lytte til andre
- Sjølvstende
- Evne til å motivere andre
- Faglig engasjert
- Positiv
- God og tydelig kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette leiarar i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Torunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072Arbeidsstad
Gamleveg 1123802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4829009925
Søknadsfrist: 01.07.2024
Midt-Telemark kommune, Bo og mestring,
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.