Om stillingen
Vi søker ein geodataleiar til å lede vårt team!
Har du lyst å vidareutvikle vårt arbeid innan landmålingsfaget og geodata? Vi ser etter ein fagleg engasjert og strukturert leiar som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre høg kvalitet på geodataavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Lede og utvikle geodatafaget i Kinn kommune
- Sikre korrekt og effektiv føring av matrikkelen
- Ansvar for planlegging og tilrettelegging av eigedomslandmåling.
- Vere pådrivar for fagleg innovasjon og utvikling
- Kundebehandling og veiledning
- Etablering, forvaltning og kvalitetsheving av geografisk informasjon(GIS)
- Forvalte, drifte og vedlikehalde kartgrunnlaget til kommunen i samarbeid med geovekstpartane (SFKB)
- Sikre registreringsrutiner i saksystem og databaser som bidrar til effektivisering og automatisering av oppgåver og tenester i framtida
Kvalifikasjonar
- Utdanning: Relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, landmåling eller liknande på høgskulenivå, helst master. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang dokumentert geodataerfaring.
- Lang erfaring innan GIS, gjerne i ei leiarrolle.
- Erfaring frå å leie fagteam
- Teknisk kompetanse: Må beherske GIS-programvarer og god digital kompetanse
- Kommunikasjon: Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- gode IT-kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Innovativ og teknologisk oppdatert.
- Engasjerande og samlande
- Beslutningsdyktig, handlekraftig og løysningsorientert
- Høg arbeidskapasitet og likar å jobbe variert og på tvers av fagfelta i heile kommunen
- Bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg sterk
- Må ha sertifikat for bil
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i den digitale utviklinga i Kinn kommune
- Eit fagleg sterkt miljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning KLP
Kontaktinformasjon
Leni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461Arbeidsstad
Magnus Thingnesgate 16900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4901445983
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025
Samfunn, kultur og miljø
BedriftSamfunn, kultur og miljø
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Selger Modernisering til KONE i Norge, Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 25.4.2025Salgsstøtteleder
Strategy & Business Developer
Operatør
Fredrikstad - Orkla Ab - Publisert 24.4.2025Laboratorium tekniker - Baroid
Stavanger - Halliburton AS - Publisert 24.4.2025