Avdelingsleiar Alversund skule, fast

OmrådeAlver
Publisert7.5.2025
Søk senest22.5.2025

Om stillingen

Om stillinga

Alversund skule søkjer etter avdelingsleiar for 5.-7. trinn i 100% stilling frå 01.08.2025 

Alversund skule er ein ny, flott barneskule, fantastisk plassert ved vakre Alverstraumen. Vi har eit dedikert team på rundt 50 tilsette, som brenn for å skape ein inspirerande læringsarena for våre 316 elevar. Vi praktiserer trinndelt undervisning, med fokus på elevmedverknad og aktiv læring. 
I SFO-avdelinga vår har vi gleda av å ta imot rundt 120 glade og energiske born.


Arbeidsoppgåver

Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø?

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team, vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg  varierte dagar, der du mellom anna  :

  • er del av leiargruppa på skulen
  • er aktivt med i utviklingsarbeid
  • har personalansvar på eiga avdeling
  • har noko undervisning på eiga avdeling
  • har oppfølging av resultat og individuelt tilrettelagt undervisning
  • har ulike administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter ein avdelingsleiar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte.

Søkjar må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.

Det er ønskjeleg med leiarerfaring.

Personlege eigenskapar:

Vi verdset eigenskapar som godt humør, og evne til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne. 

Fleksibilitet,  samarbeidsevne og syn for gode løysingar er viktige eigenskapar for å trivast på vår skule. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr

Som ein del av vår skule,  blir del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte folk, som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtale

Vi ser fram til å ønskje deg velkommen i leiargruppa vår


Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 8/31
Anbefalt