NAV Sunnfjord - regionalt team sjukefråvær

Avdelingsleiar 

OmrådeFørde
Publisert16.2.2024
Søk senest3.3.2024

Om stillingen

NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Vi har no ledig fast stilling som avdelingsleiar for eit regionalt team som skal jobbe med oppfølging av sjukefråvær. Stillinga og avdelinga "Regionalt team sjukefråvær" vart oppretta i samband med eit utviklingsprosjekt, der organiseringa no er blitt fast i organisasjonen. Vi ser etter ein engasjert leiar som har lyst på utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og som er opptatt av å utvikle tenestene vidare etter prosjektperioden. Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie avdelinga i tråd med sentrale og lokale føringar, sikre gode heilskaplege tenester innanfor ditt ansvarsområde, og saman med andre ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking.

NAV Vestland er organisert i ni regionar. Region Sunnfjord består av NAV kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord.

Avdelinga for regionalt team sjukefråvær består av avdelingsleiar og ni rådgjevarar med kontorplass på dei ulike NAV-kontora rundt i regionen. Som avdelingsleiar vil du ha fag- og personalansvar for dei tilsette i avdelinga som arbeider ved kontoret i Førde og fagansvar for tilsette ved andre kontor. Du vil ha organisatorisk tilknyting til regionskontoret, og rapportere til regionleiar/NAV leiar i Sunnfjord. Du blir både ein del av leiargruppa i regionkontoret, og av leiargruppa for regionen.


Arbeidsoppgåver

  • Fag- og personalansvar for avdelinga
  • Vidareutvikle ny sjukefråværsmodell på tvers av NAV-kontora i regionen
  • Sikre utvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene 
  • Sikre lik praksis og forståing av sjukefråværsarbeidet, her under vidareføre  drift og utvikling av avdelinga
  • Sikre god samhandling med NAV-kontora i regionen og andre einingar i NAV for å levere samordna tenester til arbeidsgjevar med god kvalitet
  • Vere pådrivar for å utvikle gode system og rutinar samt effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitale løysingar
  • Legge til rette for kompetanseutvikling, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
  • Systematisk arbeid for å vidareutvikle avdelinga og sikre eit godt arbeidsmiljø
  • Delta i saksproduksjon og oppgåveløysing i avdelinga etter behov
  • Vere ein aktiv deltakar i leiargruppa i regionen
  • Reising mellom kontor/lokasjonar i regionen etter behov

Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning tilsvarande minimum bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
  • leiareigenskapar i tråd med NAV sine verdiar og leiarkrav 
  • god kunnskap om bruk av digitale verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ein fordel om du har:

  • leiarerfaring eller formell leiarutdanning
  • erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
  • kjennskap til lokalt næringsliv
  • erfaring frå arbeid med sjukefråvær 

Personlege eigenskapar

 Vi ser etter deg som:

  • er strukturert
  • samarbeider godt med andre
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har interesse for leiing av endrings- og utviklingsarbeid
  • er inkluderande og jobbar systematisk for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit høgt prioritert samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
  • Statleg tilsetting med løn i stillingskode 1407 avdelingsleiar, med lønsspenn frå kr 657 300 til 708 000 pr. år (tilsvarande ltr. 67 - 71). Høgare løn kan vurderast for særs kvalifiserte søkjarar.
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%).
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Magne Kjetil Berg, leiar NAV Sunnfjord, 99241911, [email protected]

Arbeidsstad

Hafstadvegen 40
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4758001144
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2024

NAV Sunnfjord - regionalt team sjukefråvær

BedriftNAV Sunnfjord - regionalt team sjukefråvær
Om bedriften

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Lignende stillinger