Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Avdelingsleiar
Om stillingen
Vi søkjer ein engasjert og entusiastisk avdelingsleiar med solid kunnskap innan psykisk helsevern som ønskjer å vere med å vidareutvikle verksemda og sikre framtidsretta og gode tenester til pasientane i opptaksområdet. Stillinga rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe.Folgefonn DPS yter eit breitt tilbod av spesialisthelsetenester til personar med psykisk liding eller rusliding i kommunane Ullensvang og Kvinnherad. Det inkluderer poliklinisk og ambulant oppfølging, i tillegg til døgnbehandling.
Ein legg vekt på tverrfagleg behandlingstilnærming og gjev behandling med ulike terapiformer individuelt og i grupper. Folgefonn DPS har eit sterkt fagmiljø med spesialistar, legar, psykologar og klinisk behandlar personell som t.d. musikkterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, sosionom og vernepleiar.
Folgefonn DPS har eit godt samarbeid internt mellom einingane og med kommunehelsetenesta og andre instansar
Avdelinga har 54,22 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 50,5 millionar kroner. Avdelingsleiar har totalansvar for avdelinga, det inneber ansvar for strategisk planarbeid i tråd med overordna målsetnadar, planar og føringar. Ansvaret inneber også ressursstyring og bemanningsplanlegging for å kunne kome i møte endringar i innbyggjarane sine behov for behandling. Og eit overordna ansvar for fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
Arbeidsoppgåver
- Totalansvar for avdelinga ? fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med overordna målsettinga og strategi
- Sikre god kvalitet i pasientbehandling og rett medisinsk prioritering
- Sørgje for at klinikken skaper effektive pasientforløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Sikre god koordinering av dagleg drift
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken
- Stimulere til opplæring, utdanning og forsking
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Ønskjeleg med erfaring innan økonomi- og budsjettstyring
- Profesjonssamansetting i klinikkdirektør si leiargruppe vil bli vektlagt ved rekruttering
- Leiarutdanning, organisasjon og leiing, eventuelt økonomi
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå heilskap og god systemforståing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne å involvere og vere ein samlande leiar
- Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
Hos oss får du:- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- ei leiarstilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit fagmiljø med høg kompetanse
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4939680842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
BedriftKlinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025