Avdelingsdirektør

OmrådeOslo
Publisert10.3.2025
Søk senest23.3.2025

Om stillingen

Om stillinga

Vi søker etter ein ny avdelingsdirektør til Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga. 

Som avdelingsdirektør vil du få ansvar for regelverksutvikling og større lov- og utgreiingsarbeid, mellom anna innanfor den kollektive arbeidsretten, deler av den individuelle arbeidsretten, ferielovgivinga og tilsetterepresentasjon etter selskapslovgivinga. EU-arbeid og anna internasjonalt arbeid innanfor desse områda inngår ōg i porteføljen. Du vil få ein sentral rådgivingsfunksjon knytt til forvaltingsrettslege spørsmål.

Du vil inngå i avdelinga si leiargruppe og rapportere til ekspedisjonssjefen.


Kva slags bakgrunn har du?

Du har

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • brei efaring frå arbeidslivsområdet 
  • solid erfaring frå lov- og utgreiingsarbeid og det kollektive arbeidsrettsområdet
  • solid forvaltingskompetanse og forståing for politiske prosessar
  • leiarrerfaring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk

Kven ser vi etter?

Kven ser vi etter?

  • Du har gode leiareigenskapar. Du er oppteken av å skape gode resultat gjennom andre, og du evner å motivere medarbeidarane dine.
  • Du samarbeider godt og skaper gode samarbeidsforhold.
  • Du er analytisk og har eit godt juridisk skjønn.
  • Du har god rolleforståing og vurderingsevne.
  • Du prioriterer godt og sikrar gode leveransar.
  • Du er engasjert og bidrar aktivt i avdelinga si leiargruppe.

 Våre leiarar utøver god fagleg leiing, er tydelege, skaper engasjement og utviklar og forbetrar.


Kva får du hos oss?

Kva får du hos oss?

  • Du blir leiar i eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Du får nærleik til politiske avgjerder.
  • Du blir tilsett som avdelingsdirektør og lønn vil ligge mellom 1 000 000 og 1 150 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonane dine. 
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som ōg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden. 

Les dette før du søker

  • Stillinga er eit embete, så du må vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Du må ōg kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG. 
  • Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. 
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er i hovudsak norsk.

Arbeids- Og Inkluderingsdepartementet

BedriftArbeids- Og Inkluderingsdepartementet
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger