Helse Bergen Hf

Assistent på helg

Område

Bergen

Publisert

5.5.2026

Søk senest

14.5.2026

Om stillingen

Om stillinga

Har DU lyst til å bli vår nye kollega på helg? Er du student innan helsefag eller har du helsefagleg utdanning?Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S4 er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og milijøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlingsaparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon og vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.

Vi har no 3 ledige stillingar som assistent på helg med arbeid pt. kvar 3. helg.

Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

  • Fokus på å skape gode relasjonar til pasientane og gje god miljøterapautisk omsorg
  • Gje pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga
  • Tverrfagleg teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Praktisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning
  • Søkarar må vere over 21 år

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har god kompetanse på mellommennskelege forhold
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk er imøtekomande og viser respekt
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må vere personleg eigna til arbeidet
  • Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring
  • Kursing i MAP (Møte med Aggresjons Problematikk)
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart

Kontaktinformasjon

June Bønæs Nødtvedt

Seksjonsleiar

Telefon: 93235370

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tilbake til toppen

Helse Bergen Hf

Bedrift

Helse Bergen Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS