Tanita Marøy

Assistent 70% fast

OmrådeAlver
Publisert24.11.2025
Søk senest15.12.2025

Om stillingen

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling i 70 % som assistent ved Manger heimeteneste. Arbeidet er i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil variere ut frå kva kompetanse og erfaring du har. Som assistent skal du hjelpe brukarar med praktisk bistand, personleg hygiene, på- og avkledning, måltider og anna. Du skal samarbeide tett med gode kollegaer og bli kjent med brukarar med ulike og varierte hjelpebehov. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov.


Om avdelinga

Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team beståande av driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 23 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Manger heimeteneste kan tilby eit godt, kjekt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.


Kvalifikasjonskrav

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid på sjukeheim eller i heimeteneste

Kven er du?

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Vi ynskjer at du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. Du har gjerne erfaring frå arbeid i heimetenesta.


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Tanita Marøy

BedriftTanita Marøy

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Electrical Discipline Lead, Offshore Wind

Ikm Gruppen AS

Oslo15.1. - 26.1.
Ny